Oppgåve: Feltoppgåve

Feltarbeid: Ferskvatn som økosystem

Publisert: 24.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Dette feltarbeidet dreier seg om at elevane skal få eit bilete av kva som lever og gror i og rundt eit ferskvatn, og kva for næringskjeder som bind alt saman.

Jenter som studerer smådyr tatt opp med stangsil frå eit tjern. Foto.Feltarbeid i ferskvatn.
Opphavsmann: Svein Gunnar Råen
 

Planktonhåv med samleglass klar til tømming. Foto.Planktonprøve.
Fotograf: Bjørg E. B. Aurebekk
 

Døgnflue. Foto.Døgnfluge.
Opphavsmann: Marcelk
 

Formål

formålet er å gjere seg kjend med biotiske og abiotiske faktorar i og rundt eit ferskvatn.

Utstyr

Du treng: pH-papir, planktonhåv, insekthåv, vasshåv, termometer, samleglas, bestemmingslitteratur og -dukar

Utføring

  1. Klassen skal delast inn i grupper.

    Fordel oppgåvene under slik at kvar elev i gruppa tek ansvaret for ei oppgåve.
    • Vasstemperaturen skal målast.
    • pH-verdien i vatnet skal målast.
    • Det skal takast prøvar med planktonhåv.
    • Det skal takast prøvar med vasshåv.
    • Insekt på vassoverflata og i graset rundt vatnet skal studerast.
    • Dyre- og fugleliv i området skal studerast.
  2. Alle elevane i gruppa gjer følgjande:

    • Artsbestem fem tre og fem andre plantar som veks i vatnet, rundt vatnet eller i nærleiken av vatnet.
    • Blad og eventuelle blomar frå desse plantane skal anten pressast og limast inn i eller teiknast i arbeidsboka.
    • Du skal òg skrive litt om plantane (namn, kor store dei er, kvar dei veks, osv.).
    • Etter ekskursjonen skal de utveksle resultata og studere planktonprøvar i mikroskop.

Resultat

  1. Kva var temperaturen i vatnet?
  2. Kva var pH-verdien i vatnet?
  3. Kva slags insekt fann de i, på eller ved vatnet?
  4. Kva slags dyr og fuglar såg de?
  5. Kva for fem tre klarte de å artsbestemme?
  6. Kva for fem plantar klarte de å artsbestemme?
  7. Kva slags plankton såg de i mikroskopet? Lag teikningar, og skriv namn.
  8. Skriv to næringskjeder for dei ulike organismane som lever i vatnet.