Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feltarbeid: Abiotiske og biotiske forhold i bekkar og elver

Ved feltarbeid i ein bekk kan du studere korleis livet i bekken forandrar seg over ei strekning, og spesielt leggje merke til endringar som skjer nedanfor eit avløpsrøyr eller ei grøft som renn ut i bekken.
Tre personar held på med feltarbeid i ei lita elv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med dette feltarbeidet er å undersøkje dei abiotiske og biotiske forholda i ein bekk eller ei elv, og bruke resultata til å vurdere forureiningsgrada i bekken/elva.

Innleiing

Gut og jente vurderer vassprøve i elv. Foto.

Vi kan finne ut ein del om statusen til ein bekk, det vil seie kor forureina eller forsura bekken er, med enkle målingar og observasjonar av

  • lukta på vatnet
  • skumdanninga
  • korleis vatnet ser ut
  • korleis botnen ser ut, og kva som veks der
  • botndyr og artssamansetninga av desse
  • utslepp, søppel og skrot i og ved vassførekomsten
  • surleiksgrada til vatnet, pH-verdi

Kvar av eigenskapane kan vi klassifisere på ein skala frå 1 til 4 – frå ein bekk som ikkje er forureina, til ein bekk som er veldig forureina.

Filer

Framgangsmåte

  1. Bekk med skum og raude steinar. Foto.

    Merk av stasjonen du undersøkjer, på eit kart.

  2. Beskriv området.
  3. Bruk skjemaet, og klassifiser kvar av eigenskapane ved vassdraget.
  4. Fyll ein behaldar (syltetøyglas) med vatn frå bekken, og lukt på vatnet.
  5. Hald papirarket bak behaldaren, og vurder fargen på vatnet.
  6. Sjå om vatnet er uklart og har partiklar.
  7. Gå langs bekken, og observer om det er skumdanningar. NB! Skumdanning frå forureining dannar gjerne luftige, blåkvite eller brunaktige skumdottar. I fossar/stryk kan det danne seg naturleg skum som er tett og brunkvitt.
  8. Fyll ei vassprøveflaske. Ta ho med til skulen for å måle pH der, eller mål pH med ein gong.
  9. Studer botnen av bekken for å sjå kva som veks på steinane (sjå skjemaet).
  10. Noter om det er søppel, skrot, utslepp av kloakk og liknande i og ved bekken.
  11. Fyll plastbakken med vatn.
  12. Rot med stongsilen i botnen av bekken der det er mogleg, og før innhaldet over i plastbakken. Lat det stå roleg ei lita stund, så vil du sjå at smådyra begynner å bevege seg.
  13. Finn ut kva slags dyr det er. Dei du ikkje klarer å bestemme, tek du med i glaset tilbake til skulen.

Resultater

  • Forklar forskjellen på abiotiske og biotiske faktorar.

  • Lag ei oversikt over dei abiotiske og dei biotiske faktorane frå ditt område i bekken.

  • Vurdering av endeleg forureiningsgrad: Finn gjennomsnittstalet for alle eigenskapane, men hald pH-målinga utanfor. Bruk skjemaet, og grunngi korleis du vil klassifisere bekken på grunnlag av alle målingane og observasjonane. Føreslå forsuringsklasse på grunnlag av pH-målinga.

  • Samanlikn resultata frå ulike lokalitetar langs same vassdrag, og prøv å vurdere kva eventuelle forskjellar kan kome av.

  • Korleis vil dei ulike forureiningsgradene påverke livet i bekken?

Oppslagsverk

Jente tek vassprøve med glas i ein bekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Bjørg E. B. Aurebekk.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021

Læringsressursar

Økologi