Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Livsstilssjukdommar del 1

I denne oppgåva skal du lære meir om livsstilssjukdommar og korleis du kan førebyggje desse ved mellom anna å ta grep om kosthaldet.
Overvektig person et hamburgar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

Nedanfor finn du ein case, og du skal ut ifrå denne løyse oppgåve 1, 2 og 3. Deretter skal du leggje alt materialet inn i eit hefte.

Lag eit hefte med

  • framside og namn
  • innhaldsliste
  • innleiing
  • svar på oppgåvene
  • avslutning
  • kjeldetilvisingar

Case

Anders på 44 år har heile livet "levd godt".

Han har alltid vore glad i mat med mykje feitt.

Anders veit ikkje skilnaden på metta og umetta feitt. Han veit heller ikkje kva for feittsyrer kroppen må ha, og trur at alt feitt er "sunt" feitt. Kosten til Anders består av feite sausar, rømme, fløyte, kaker, pølser og kjøt i alle former. Han likar ikkje fisk eller grønsaker.

Anders set pris på ein god sigar og har røykt sidan han var 12 år. Han har aldri likt sport og hatar trim og mosjon. "Heller sofa og tv enn trim og stress", er mottoet til Anders.

Ung gutt som røyker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Nemn alle livsstilssjukdommane Anders kan få.
  2. Vel tre av livsstilssjukdommane, og grei ut om dei.
  3. Kva må du sjølv gjere for å unngå livsstilssjukdommar?

Stikkord

  • Skriv namnet på sjukdommen.
  • Fortel korleis han oppstår.
  • Kva må Anders gjere for å ikkje få denne sjukdommen?
  • Kva for matvarer må Anders ete mindre av?
  • Kva for matvarer bør Anders ete meir av?
  • Er det noko anna Anders kan gjere for å førebyggje faren for livsstilssjukdommar?
CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson og Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil