Hopp til innhald

Fagstoff

Mat og kultur

I eit fleirkulturelt samfunn som Noreg kjem du til å møte gjestar og kundar som har matskikkar som skil seg mykje frå dine eigne. Matskikkar er eit resultat av kultur og tradisjonar, og av kva for råvarer ein har hatt tilgang på der ein har vakse opp.
Ei ung jente sit pynta ved bordet og ser smilande opp på ein person som serverer saus. I bakgrunnen er eit juletre pynta med lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Religion og mat

Ulike religionar har òg reglar for kva som er lov å ete og til dels òg korleis ein skal lage til maten. Når kosthaldet er forankra i religion, er det viktig for ein som er truande å følge dei retningslinjene som gjeld. Vi skal sjå på nokre døme frå islam, jødedommen og hinduismen. Det er viktig å vere klar over at menneske innanfor same religion praktiserer reglane ulikt. Somme følger reglane svært strengt, mens andre ikkje gjer det.

Ulike matkulturar i Noreg

I Noreg finn vi menneske med bakgrunn frå over 200 ulike land. Det vil seie at det finst ei rekke ulike matskikkar som ikkje er religiøst forankra, men knytt til den oppveksten forskjellige folk har hatt.

Å skildre norsk matkultur kan vere vanskeleg, men vi kan seie at han består av fire hovudgrupper:

  1. norsk tradisjonsmat
    1. mat vi har ete i Noreg i generasjonar
    2. mat som har sitt opphav i Noreg
  2. samisk tradisjonsmat
  3. mat frå andre land
  4. norsk kosthald slik det er i dag, som gjerne består av noko frå alle dei tre gruppene ovanfor

Mat er ein viktig del av identiteten vår. Derfor held vi gjerne på matskikkar så lenge det lar seg gjere. Dei fleste menneske har òg stor glede av å dele et godt måltid med venner. Når menneske flyttar til ein ny stad eller får gjestar frå andre delar av verda, serverer dei gjerne det beste deira eigen mattradisjon kan by på. Den framande opplever dette som uvant.

Rakfisk lagt opp på tallerken med lauk, egg, poteter, smør, lefse, flatbrød, rømme, purre, øl og akevitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

At menneske har ulike mattradisjonar, er vanlegvis problemfritt i Noreg. Vi har eit samfunn der tilgangen på ulike matvarer er stor, og der det er lett å bestille varer ein ønsker seg. Av og til kan vi oppleve at andre menneske sine mattradisjonar er merkelege, men då skal vi hugse at folk frå andre kulturar òg kan oppleve dei norske mattradisjonane som merkelege.

Yrkesutøvar

Når du skal ha ansvar for kosthaldet til andre menneske, må du vise respekt for vanar og tradisjonar som er forskjellige frå dine eigne. Den beste kjelda til informasjon er å prate med han eller ho det gjeld, eller foreldre og pårørande. Du får òg kjøpt gode kokebøker frå spennande matkulturar i andre land, og det finst mykje stoff på Internett.

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Norsk matkultur