Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Mattradisjonar

Her i Noreg har vi mange mattradisjonar, og felles for desse er at dei ofte går i arv frå ein generasjon til den neste. Mange av desse oppskriftene er skrivne ned og finst i kokebøker.
Eit variert og fargerikt kaldtbord. Maten er lagt opp i skåler og på fat med ulike fasongar og storleikar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

Oppgåva gir deg meir kunnskap om ulike tradisjonsrettar i Noreg og lærer deg å setje saman og lage menyar og kaker.

Oppgåve 1

  1. Kva er ein mattradisjon?
  2. List opp ulike anledningar der vi serverer tradisjonsrettar. Set opp rettar til dei ulike anledningane. Ta med så mange du finn innan forrettar, hovudrettar, dessertar, bakverk og kaker.
  3. Undersøk kva som blir rekna som tradisjonsrettar i ditt nærområde.
  4. Undersøk kva for tradisjonsrettar vi har på Vestlandet, Sørlandet, Austlandet og i Nord-Noreg. Kva er likt, og kva er ulikt?

Oppgåve 2

  1. Set saman ein tradisjonell torettars kvardagsmeny og ein trerettars festmeny frå ditt nærområde eller ein del av Noreg.
    Grunngi vala dine.
  2. Finn fram oppskrifter, og tilpass dei til 4 personar.
  3. Lag matrettane.
  4. Vurder menyen si
  • næringssamansetjing
  • utsjånad
  • smak

Er dette rettar som framleis kjem til å eksistere om ti år? Kvifor? Kvifor ikkje?

Oppgave 3

Bakverk og kaker har ein solid tradisjonell bakgrunn her i Noreg.

  1. Finn fram til to bakverk, eitt til kvardag og eitt til fest.
    Finn fram til to kaker, ei til kvardag og ei til fest.
    Forklar framgangsmåten for alle produkta.
  2. Kva har desse kakene og bakverka hatt å seie gjennom historia?
  3. Vel eitt av bakverka og ei kake som du skal lage.

Vurder:

  • utsjånad
  • smak

Kjem desse framleis til å eksistere om ti år? Kvifor? Kvifor ikkje?

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Norsk matkultur