Hopp til innhald

Fagstoff

Eineveldet og andre styreformer i Europa

I løpet av 1500- og 1600-talet var stendene blitt stadig mindre viktige i dei fleste europeiske landa. Dei blei i staden erstatta av eineveldige kongar, det vil seie at kongen fekk makt til sjølv å bestemme forfatninga som landet skulle styrast etter.
Mange skip med nederlandsk flagg. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det mest fullstendige eineveldet var Frankrike, der kongen fekk absolutt all makt. Danmark-Noreg var òg eit av landa der eineveldet var sterkt. I begge desse landa spelte riksrådet og stenderforsamlinga ei uvesentleg rolle i styringa av staten gjennom 1600- og 1700-talet. Det var kongen, med sine rådgivarar, som styrte. I Spania og i dei tyske statane var eineveldet utgangspunkt for styreforma, men med nokre lokale variasjonar.

Kardinal Richelieu (1585-1642)

Portrett i heilfigur av mann i raude gevantar. Han har ei kardinallue i høgre hand.  Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kardinal Richelieu var ein fransk geistleg som i 1624 blei førsteminister hos Ludvig 13. Han blei i stillinga til han døydde. Richelieu arbeidde særleg for å styrkje kongemakta og svekkje lokale opposisjonsgrupper. Han har fått æra for å gjere Frankrike i einevaldstida til ein sterk og sentralisert stat.

Sverige

Også i Sverige var kongen eineveldig, men riksrådet og stenderforsamlinga (Riksdagen) var framleis med i statsstyringa. I motsetning til riksdagane i mange andre land var bøndene framleis representerte i den svenske Riksdagen på 1600- og 1700-talet. Det var likevel kongen, med hjelp av rådgivarar, som gjennom sin eineveldige posisjon i all hovudsak var den som utforma lover og gjorde vedtak. Riksrådet og stenderforsamlinga fekk berre akseptere vedtaka.

England

I England var statsstyringa lagd opp på ein annan måte. Stendene var ikkje med her. I staden hadde det over tid vakse fram ei bestemt maktfordeling mellom kongen og Parlamentet. I Parlamentet sat det i all hovudsak landeigarar, og i tillegg nokre byfolk og juristar, og eigedom var ein viktig føresetnad for å kunne bli vald inn. Særleg på 1600-talet oppstod det interessekonfliktar mellom kongen og Parlamentet om kven som skulle ha makt over ulike avgjerder. Parlamentet ville ha større medråderett enn det kongen var villig til å gå med på. Kombinert med religiøse og andre interessekonfliktar eskalerte striden til borgarkrig i 1642, avretting av kong Karl 1. i januar 1649 og eit forsøk på republikk, som Oliver Cromwell var leiar for til han døydde i 1658. I 1660 blei Karl 2., son av Karl 1., hylla som konge.

Nederland

Ein stor sal med kvelva bjelketak. Mange banner hengjer i taket. Bak i biletet ser vi fleire menn som sit på opphøyde radar med benker. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Styreforma var òg annleis i Nederland. Nederland var ei samanslutning av sju mindre provinsar, som blei kalla Dei sameinte provinsane. Kvar provins sende delegatar til ei felles stenderforsamling, med om lag 30 medlemmer. Delegatane var bundne til å stemme slik stenderforsamlinga i deira landsdel hadde bestemt. Om nødvendig blei møte avbrotne fordi nokon måtte dra heim og diskutere med den lokale forsamlinga. Dei 30 møttest dagleg og behandla saker som det i mange andre land var kongen som avgjorde, mellom anna utanrikssaker, organisering av forsvaret og skattlegging. Kor mykje makt dette rådet hadde, varierte over tid – dels med forholdet til stenderforsamlingane i dei ulike provinsane og dels med forholdet til fyrstehuset Oranien, som hadde ei stilling som tilsvarte eit kongehus.

Russland

I Russland var tsaren eineveldig, men strukturen var i stor grad slik som i dei europeiske einevaldsstatane, sjølv om Russland ikkje hadde hatt same tradisjon med adelsvelde. Det var tsaren som kalla inn forsamlinga Zemsky Sobor, og som òg utpeikte medlemmene. Formelt og juridisk hadde denne forsamlinga lite å seie. I praksis kom ho likevel til å spele ei viktig rolle i den russiske statsstyringa gjennom siste del av 1500-talet og første del av 1600-talet ved at ho godkjende lover og valde tronfølgjarar. Mykje av grunnen til den sterke posisjonen var at reglane for arvefølgja til trona var uklare i lange periodar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt