Fagstoff

Nyttige adresser når du jobbar med hygiene

Publisert: 05.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Såpe

Hygiene er eit stort og spennande område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det. Dersom du manglar grunnleggjande fagkunnskap om hygiene, finn du det på Vg1.

Gutt som jobbar med PC. Illustrasjon.Niels Henrik jobbar på pc 

 

 

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert. Det vil seie at du må følgje med slik at du får med deg dei endringane som skjer til ei kvar tid.

 

 

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Å søkje informasjon 

Du finn mengder med fagstoff med å søkje på nettet, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst.

Her finn du nokre nyttige adresser.
Du finn lenkjer til alle adressene til høgre.

Forskning.no

Her finn du mykje spennande om hygiene, men kanskje mest for deg som ønskjer å fordjupe deg i emnet.

Tannpuss.no - Denne nettstaden gir informasjon om tannpuss i barnehagen.

Helsedirektoratet

Fleire av brosjyrane om mat i skule og barnehage inneheld òg fagstoff om hygiene. Her finn du òg rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv.

 Matportalen - Her finn du fagstoff om mat og hygiene.

Folkehelseinstituttet

Her finn du mykje fagstoff om hygiene.

Lovdata.no - Her finn du fleire lovar som tek føre seg hygiene. Vi vil rå deg til å bruke forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv.

Gjer deg kjend på nettstadene over

Noter ned adresser på andre gode nettstader du finn.

Relatert innhald

Fagleg