Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Bli kjend med ein annan matkultur!

I denne oppgåva skal de bli betre kjende med ein annan matkultur enn dykkar eigen. Vel dykk eit land eller ein kultur de har lyst til å bli betre kjende med. Intervju ein person frå denne kulturen eller landet, og lag tradisjonelle rettar herfrå.
Ein person held to gryter med mat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teoretisk del

Del dykk inn i grupper og vel ein kultur eller eit land som de skal jobbe vidare med. Samle alle opplysningane i eit dokument som de kan dele og presentere for kvarandre.

  1. Intervju: Finn ein person som kjem frå dette landet eller denne kulturen, og spør om du kan få intervjue han eller ho om mattradisjonar og matkultur. Førebu spørsmåla på førehand. De kan til dømes spørje om tradisjonelle matrettar, drikkar eller spesielle råvarer som blir nytta.

  2. Søk etter informasjon i bøker eller på internett og finn fleire opplysningar om matkulturen de har valt.

  3. Finn tradisjonelle oppskrifter frå landet eller kulturen de har valt, og vel ut nokre som de har lyst til å lage på kjøkkenet.
  4. Lag bestillingsliste på råvarer eller gå ut og handle. Fordel arbeidsoppgåver og lag arbeidsplan til kjøkkenøkta.
  5. Planlegg bordpynt til eit buffébord som passar til kulturen.
Kokk på restaurantkjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktisk del

  1. Lag rettane som de har valt ut.

  2. Rettane skal presenterast på eit buffébordet som de pyntar slik at det får ein karakteristisk stil frå kulturen.

  3. Presenter rettane på buffébordet for medelevane dykkar.

Reflekter

  1. Vart de betre kjende med andre matkulturar i denne oppgåva?

  2. Er det stor forskjell på din eigen matkultur og matkulturar frå andre land? Kva er eventuelt forskjellane?

  3. Var det noko som overraska dykk då de høyrde om den andre matkulturen?

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2022

Læringsressursar

Internasjonal matkultur