Hopp til innhald

Fagstoff

HMS-system og avvikshandtering

HMS-forskrifta er knytt opp mot ei rekkje lover og forskrifter og blir forvalta av fleire etatar. Når noko ikkje er i orden etter forskrifta eller uhell og ulykker skjer, skal det skrivast avvik. Desse avvika skal rettast opp, registrerast og hindre nye avvik.

Korleis lage eit HMS-system?

Arbeidsgivar har ansvaret for HMS og bør ta initiativet til å starte arbeidet, men det er viktig at prosessen skjer i samarbeid med arbeidstakarane.

Dette er dei viktigaste trinna i utviklinga av eit system for å følgje opp helse, miljø og sikkerheit i bedrifta:

  • Set mål for arbeidet med HMS i bedrifta dykkar, og skriv ned korleis bedrifta er organisert og kven som har ansvaret for å følgje opp HMS-spørsmål.
  • Skaff oversikt over kva lover og forskrifter som er aktuelle for bedrifta. Kva for nokre det er, vil avhenge av kva slags arbeid de utfører og kor risikofylt det er. Kontakt tilsynsetatane dersom du er i tvil.
  • Skaff oversikt over kva tryggleiksrutinar som alt finst i bedrifta. Det kan vere rutinar for opplæring, brannøvingar, bruk av verneutstyr osv. Desse kan vere del av internkontrollsystemet.
  • Kartlegg bedrifta med tanke på risiko. Ein enkel risikoanalyse kan bestå i å stille tre enkle spørsmål: Kva kan gå gale? Kva kan vi gjere for å forhindre det? Korleis kan vi redusere konsekvensane dersom det likevel skulle skje?
  • Kva slags risiko det er snakk om, vil variere frå bedrift til bedrift. Det kan dreie seg om belastningslidingar, støy, konfliktar, kjemikaliar, farlege maskiner osv. Kartlegginga gir ei oversikt over kva som bør forbetrast.
  • Lag ein handlingsplan på bakgrunn av kartlegginga. Planen skal vise kva som skal gjerast, kven som skal gjere det og når det skal vere gjort. Sjølve gjennomføringa av tiltaka er sjølvsagt den viktigaste delen av helse-, miljø og sikkerheitsarbeidet.

I tillegg til den jamlege oppfølginga med kartleggingar og tiltak, må bedrifta også, minst éin gong i året, gå gjennom sjølve systemet som er bygd opp og vurdere om det har fungert i praksis eller bør endrast.

Avvikshandtering

Alle verksemder skal ha rutinar for å avdekkje, rette opp og førebyggje avvik frå helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga (HMS-lovgivinga). Du skal lære deg kva som er avvik og når du skal skrive avviksmelding. Det er bedrifta sitt ansvar å handtere avvik som er registrert. Alle skal ha gode rutinar på dette og god opplæring av eigne tilsette, vikarar og lærlingar.

Uønskte hendingar

Avvik er uønskte hendingar eller manglande oppfylling av krav. Desse krava er skildra i forskrifter.

Det kan vere:

  • ein rutine som ikkje er følgd
  • manglande tryggleiksutstyr
  • mangelfull informasjon
  • synlege eller openberre feil og manglar

Tilsynsetatane

Arbeidstilsynet førebyggjer og kontrollerer at HMS-føresegnene blir overhaldne gjennom tilsynsbesøk. Dei tek då stikkprøvar eller meir omfattande gjennomgang av heile HMS-systemet i bedrifta.

Hugs

  • HMS = helse, miljø og sikkerheit.
  • HMS blir også kalla internkontroll.
  • Alle bedrifter skal ha internkontrollsystem for å følgje opp HMS-arbeidet i bedrifta.
CC BY-SASkrive av Arbeidstilsynet og Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020

Læringsressursar

HMS, ergonomi og verneutstyr