Fagstoff

Hovudinnhaldet i barnekonvensjonen

Publisert: 03.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Paragraf

Barnekonvensjonen har 54 artiklar, det vil seie tekstar som beskriv alt det barn har rett til. Rettane kan oppsummerast i fire hovudområde:

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Rapport 

Bildet viser spekeskinke, grissini og olivenRetten til å få dekt grunnleggjande behov

bildet viser er en illustrasjon av en mann som gir bort et hjerteRett til tryggleik og omsorg

  1. Retten til liv, til å få dekt grunnleggjande behov som mat, helse og bustad.
  2. Retten til utvikling, til tryggleik, omsorg, skulegang, fritid, leik og informasjon.
  3. Retten til vern, til å bli verna mot overgrep, omsorgssvikt, diskriminering, mobbing og utnytting.
  4. Retten til å delta, til å gi uttrykk for meiningar, til innverknad i saker som gjeld barn, og til å delta i organisasjonar.

 

For at barnekonvensjonen skal få noko å seie i praksis og vere noko meir enn eit dokument å vifte med, har FN etablert barnerettskomiteen. Det er ei gruppe internasjonale barneekspertar som har i oppdrag å halde auge med landa som har godkjent konvensjonen. Komiteen vurderer rapportane som kjem frå kvart einskilt land, overvaker at reglane ikkje blir brotne, og kjem med forslag til korleis landa kan endre og betre forholda.

To år etter at eit land har ratifisert barnekonvensjonen, skal landet sende rapport til barnerettskomiteen, og ny rapport skal sendast kvart femte år. Noreg leverte den første offisielle rapporten i 1993, den andre i 1998 og den tredje i 2003.

 

Utfordringar til deg

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Kjernestoff

Generelt