Hopp til innhald

Fagstoff

Vitamin

Vitamin er næringsstoff som er livsnødvendige for oss, men som vi berre treng ørsmå mengder av. Vitamina må tilførast via maten fordi kroppen ikkje sjølv er i stand til å bygge dei. Unnatak er vitamin D, som huda kan danne i sollys, og vitamin K, som blir danna av bakteriar i tarmane.

Oppgåver i kroppen

Vitamina er svært ulike og har ulik kjemisk oppbygging og heilt forskjellige oppgåver i kroppen.

Vitamin er næringsstoff som regulerer stoffskiftet i kroppen, og dei er nødvendige for å omsetje karbohydrat, feitt, protein og mineralstoff. Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin.

Vi deler vitamina inn i feittløyselege og vassløyselege vitamin etter korleis vi tek dei opp frå tarmen, og korleis dei blir frakta og lagra i kroppen.

Feittløyselege vitamin
er vitamin A, D, E og K er feittløyselege. Desse kan lagrast i kroppen. Det er derfor ikkje nødvendig å dekke kroppen sitt behov kvar dag, berre ein får nok på sikt.
Vassløyselege vitamin
er B-vitamina (tiamin, riboflavin, niacin, pyridoksin, pantotensyre, biotin, kobalamin og folsyre) og vitamin C. Dei kan ikkje lagrast og må derfor tilførast kroppen kvar dag.

Tilrådd inntak

Mangel på eit vitamin kan gi både spesielle funksjonsforstyrringar og meir generelle og uspesifikke symptom, som nedsett appetitt og veksthemming. Det er oppgitt eit tilrådd inntak av ei rekke vitamin.

For ein del vitamin kan høge inntak føre til uønskte helseeffektar og forgiftingssymptom. Det er derfor oppgitt øvre grenser for inntak for ein del vitamin. For einskilde næringsstoff er det stor margin mellom det tilrådde inntaket og grensa for øvre inntak. For andre, som vitamin A og D, er denne marginen relativt liten.

funksjonen vitamina har i kroppen

Vitamin

Funksjon

Gode kjelder

Vitamin A

Viktig for normalt syn, for slimhinner, hud og cellevekst og i forsvaret mot infeksjonar og kreft.

Gulrot og andre raude og grøne grønsaker, tørka frukt, lever, leverpostei, feit fisk, smør og margarin.

B-vitamina

Viktig for hud, hår og negler, for funksjonane til nervesystemet og i nedbrytinga av protein, feitt og karbohydrat.

Grøne grønsaker, brød og kornvarer, mjølk, ost, fisk og egg.

Vitamin C

Legg til rette for normal utvikling av celler og vev, aukar oppsuginga av jern i tarmen. Antioksidant.

Sitrusfrukter, solbær, kålrot, potet og andre frukter, bær og grønsaker.

Vitamin D

Nødvendig for at kalk skal sugast opp frå tarmen. Regulerer kalkinnhaldet i knoklane.

Tran, feit fisk, smør og margarin.
Sollys (UV-strålar) på hud.

Vitamin E

Viktig for celler og vev, fungerer som antioksidant.

Kornvarer, oljer, feit fisk, tørka frukt og grønsaker.

Vitamin K

Viktig for blodet si evne til å levre seg.

Grønsaker (særleg grøne), kjøtt, lever og kornprodukt. Tarmbakteriar.

Et variert

Ved å ete mat frå alle matvaregruppene får du eit fullverdig kosthald som inneheld alle vitamina.

Einskilde grupper bør likevel passe på å få i seg nok vitamin D. Sola kan vere eit godt tilskot for dette vitaminet.

Relatert innhald

E-forelesning om vitaminer. Vitamin er stoff som er livsnødvendige for oss, men som vi berre treng små mengder av.

CC BY-SASkrive av Matportalen og Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2021

Læringsressursar

Energi og næringsstoff