Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Moods of Norway

Denne tverrfaglege oppgavå tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke. Oppgåva er også aktuell for Vg1, men med enkelte tilpassingar.
Bilde av fronten til Moods of Norway butikken i Beverly Hills
Opne bilete i eit nytt vindauge

Casebeskrivelse

«Moods of Norway» er eit norsk merkenamn og produsent av moteklede, etablert i Stryn i 2003.

«Moods of Norway» har etablert ei rekkje butikkar i Noreg. I tillegg har dei butikkar i andre land, og eigen nettbutikk.
For meir informasjon om Moods of Norway, sjå her.

«Moods of Norway» skal opne eigen brandstore i gågata i ein av dei største byane i fylket. Du er dagleg leiar av butikken og skal planleggje oppstarten av bedrifta.

Tverrfagleg heildagsprøve - Førebuingsdel

Hjelpemidler: Alle

Førebuingstid: 24 t.

Dag 1, førebuingsdagen:

  • Utdeling av case med oversikt over kompetansemål og vurderingskriterium.

Dag 2, eksamensdagen:

  • Du møter etter oppsatt tidsskjema og trekker ei oppgåve blant dei tre oppgåvesetta.
  • Du får 1,5 timer til å løyse dei konkrete oppdraga som oppgåvesettet inneheld.
  • Oppdraga er basert på utdelt case og kompetansemål som blei utlevert på førebuingsdagen (dag 1).
  • Etter 1,5 timers jobbing skal du inn til faglærar(ar) og sensor for å presentere arbeidet ditt.
  • Det er avsatt inntil 20 minutt til munnleg presentasjon og inntil 20 minutt til høyring/eksaminasjon.

Vurdering:

Casen danner grunnlaget for tre oppdrag som skal løysast på sjølve eksamensdagen. Aktuelle kompetansemål innanfor kvart programfag ligg vedlagt. Dei enkelte kompetansemåla er konkretiserte og nivådifferensierte.

OPPGÅVER -
TVERRFAGLEG HEILDAGSPRØVE

Vedlagt følgjer to oppgåvesett som er sett saman av tre oppdrag kvar. Eleven skal trekkj'e eitt oppgåvesett og løyse alle tre oppdraga..

Oppgåvesett 1 - tverrfagleg heildagsprøve
Oppgåvesett 2 - tverrfagleg heildagsprøve

Filer

Filer

Denne heildagsprøva blei brukt som tverrfagleg eksamen på Vg2 Sal, service og tryggeleik på Ringerike vidaregåande skule i Buskerud mai 2013. Innhaldet er noko redigert og tilpassa oppsettet på NDLA.

Kompetansemål:

Konkretisering av læreplanmål for "marknadsføring og sal"

Filer

Konkretisering av læreplanmål for "økonomi og administrasjon"

Filer

Konkretisering av læreplanmål for "tryggleik"

Filer

Tankekart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Heidi Bukten og Tove Engesvik.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver