Hopp til innhald

Fagstoff

Ugras

Ugras er artar som veks på uønskt stad. Ugrasplantene konkurrerer med plantene vi dyrkar, om næring, lys og vatn. Vi ønsker ikkje mykje ugras, for det kan redusere avlinga. Ugras kan òg forringe kvaliteten på avlinga og gi oss større kostnader med jordarbeid og ugraskamp.

Ugrasartar

Vi grupperer ugras etter kor lenge dei lever, og korleis dei formeirar seg. Kunnskap om artane og korleis dei lever, er viktig for å vite korleis vi skal handtere forskjellige typar ugras. I presentasjonen under kan du lese meir om ulike ugrasartar.

Førebygging

Det viktigaste tiltaket for å førebygge oppformeiring av ugras er vekstskifte. Då skiftar vi til andre kulturar for å kunne sanere ugraset, anten ved mekaniske metodar (radkulturar) eller ved hjelp av kjemiske middel.

Dersom vi til dømes dyrkar gulrot fleire år etter kvarandre på eit stykke, fremmar det mengda av ugrasarten jordrøyk. Dyrkar vi derimot potet eit år mellom åra med gulrot, kan vi bli kvitt jordrøyk både mekanisk og kjemisk. I tillegg er potetplanta robust og utkonkurrerer jordrøyk ved å ta plass, næring og lys frå ugraset.

Alle tiltak som forbetrar tilhøva i jorda og det biologiske mangfaldet av liv der, førebygger òg ugras. Det gir kulturplantene luft, vatn og næring. Slike tiltak kan vere å pløye, kalke, drenere, bruke dekkvekst i attlegg til eng og sørge for balansert gjødsling.

Kampen mot ugraset

Som vi vet, er det mange måtar å kjempe mot ugraset kjemisk på. Men kjemiske middel bør vere absolutt siste tiltaket i kampen mot ugraset. Monokulturar år etter år og einsidig bruk av plantevernmiddel kan òg føre til resistens mot dei aktuelle kjemiske midla. Vi bør derfor veksle på midla vi bruker.

Det aller viktigaste vi kan gjere, er å satse på førebyggande tiltak og direkte mekaniske tiltak, som radreinsing, mekanisk brakking, jorddekke og damping av såjord. I enkelte kulturar kan vi òg ta i bruk biologiske verkemiddel, til dømesnyttedyret gås mot ugras i potetåkeren.

«Ukrut forgår ikkje så lett»

Gammalt ordtak

«Ugras er blomster dei òg, når du blir kjend med dei»

Ole Brumm

Hugselappen


Ugras er planter som veks på uønskt stad.

Vi skil mellom:

  • sommareittårige artar
  • vintereittårige artar
  • toårige artar
  • fleirårige artar

Førebyggande tiltak mot ugras er:

  • jordarbeiding
  • vekstskifte
  • gode forhold for kulturplantene
  • jorddekke

Vi kjempar mot ugras med:

  • kjemiske metodar, sprøyting
  • mekaniske metodar
CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2018

Læringsressursar

Planter