Begrep

Brunost

Publisert: 10.03.2016, Oppdatert: 06.03.2017

Hugselappen

Brunostane inneheld ein del laktose. Personar med laktoseintoleranse bør eta avgrensa mengder med brunost.

Eit utvalg av brunost. Foto.    

Mann som produserer brunost i et meieri. FotoBrunostproduksjon  

 

Brødskive med brunost. Foto.Den tradisjonelle brødskiva med brunost smakar alltid like godt.   

 

 

 

Tallerken med pannekaker og bær. Foto.Brunost smakar søtt og godt, så kvifor ikkje prøva pannekaker med brunost til dessert?   

 

 

Gomme, prim, multer, rømme, sveler og spelkepølse som er anrettet ute på et bord. Foto.Brunost og prim passar godt som pålegg til sveler.  

Brunost har ein sentral plass i norsk mattradisjon og er yndlingspålegget og den nasjonale stoltheita til Ola og Kari Nordmann. I tillegg er brunosten nærast eineståande for Noreg.

Framstilling

Brunost er ei samlenemning på ost laga av myse og tilsett ku- eller geitemjølk.

Mysa, som vert skilt ut frå ostestoffet under osteproduksjonen, vert kokt eller dampa inn og tilsett mjølk og fløyte av ku, geit eller ei blanding av desse. Mysa inneheld 35–40 prosent mjølkesukker, avhengig av feittinnhaldet i osten. Blandinga vert konsentrert ved at ein dampar vekk vatnet til tørrstoffinnhaldet i osten vert så høgt at han vert fast og kan skjerast i skiver.

Brunost, eller mysost, har vore laga i Noreg i uminnelege tider. Dei første skriftlege kjeldene stammar frå 1646. På den tida var dette mager mysost av ymse kvalitet. Anne Haav frå Nord-Fron begynte å setja fløyte til mysosten og seinare også geitemjølk. Dette var opphavet til den såkalla feitosten og seinare gudbrandsdalsosten.

Den utviklinga som starta i Gudbrandsdalen litt før hundreårsskiftet (1900), har hatt enormt å seia for populariteten til brunosten. Vi har fleire sortar som fløytemysost, geitost, gudbrandsdalsost og prim.

Næringsinnhald

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Fløytemysost

Fløytemysost er laga myse og fløyte av kumjølk. Han har ein lysare farge enn dei andre brunostane, noko som understrekar den milde, søte og karamellaktige smaken.

 

Geitost

Det vert laga geitost i mange land i verda, men den brune utgåva er Noreg visstnok så å seia åleine om. Ekte geitost vert laga av ein blanding av geitemyse, geitefløyte og geitemjølk. Han er først innkokt i vakuuminndampar, og deretter i gryte av rustfritt stål. Ekte geitost har ein søtleg, karamellaktig smak med eit tydeleg preg av geitemjølk. 750 g Ekte Geitost har en sylindrisk form med plastlokk, medan halvkilos-varianten har vanleg rektangulær form.

 

Gudbrandsdalsost

Gudbrandsdalsost med 35 prosent feitt i tørrstoffet (G35), er framstilt av ei blanding av ku- og geitemjølk (minst éin liter geitemjølk per kilo ost). Smaken er rund og fyldig, søtleg og karamellaktig. Geitemjølka gir ein spesiell fylde utan at smaken av geit er utprega. Gudbrandsdalsost er den mest populære brunosten. Han er lett å skjera i tynne skiver med ein ostehøvel.

 

Prim

Prim vert laga av kumyse og fløyte som kokar inn til han er passeleg fast. Sukker vert tilsett (ca. ni prosent) for smaken, og konserveringsmiddel for å gi god haldbarheit. Prim skal ha smidig og glatt konsistens og skal lett kunna smørjast på brødskiva ved kjøleskapstemperatur.