Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Aktiv Ung AS

Denne tverrfaglege heildagsprøva tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke. Oppgåva er også aktuell for Vg1, men med enkelte tilpassingar.
Logo Kristiansand Dyrepark. Illustrasjon.

Case

Aktiv Ung A/S er eit aksjeselskap som nyleg blei etablert av fire kreative, nyutdanna fagarbeidarar innan service og samferdsel. Dei har skote inn ein eigenkapital på 30 000 kroner, som er minstekravet for å kunne opprette eit aksjeselskap. Dei har etter grundig forarbeid, og med god hjelp frå Dyreparken Utvikling, fått innvilga maksimalt tilskot frå Innovasjon Noreg på 950 000 kroner.

Dyreparken Utvikling ønskjer å inngå eit samarbeid med Aktiv Ung A/S om å utvikle eit nytt opplevingsprodukt for ungdom og unge vaksne. Dette er ei målgruppe som det hittil ikkje er satsa på i denne bransjen. Målet er at ungdom skal ønskje å reise til Dyreparken saman med venner eller familie. Aktiv Ung A/S’ opplevingsprodukt er tilpassa ungdom med tanke på interesser og økonomi. Visjonen er at ungdom skal tilbringe meir tid med morosame aktivitetar saman med familie og venner og mindre tid framfor diverse skjermar. Opplevingsproduktet er også aktuelt for unge vaksne.

Tenk dykk at de er tilsette i Aktiv Ung A/S. De har som nemnt ein eigenkapital på 980 000 kroner, og i tillegg leiger de ei naturtomt på 2 mål som de kan disponere fritt. Leiga er gratis dei to første åra. Om de vil, kan de også få tilgang på utmark dersom de har aktivitetar som krev det. Dyreparken Utvikling har salsbuer og diverse utstyr som de kan leige etter behov.

De har fått i oppdrag å gjere Aktiv Ung A/S til ei lønnsam bedrift så raskt som mogleg med dei midlane de har. For å få det til må de fullføre desse oppdraga:

Oppdrag 1 Marknadsføring og sal

  • Formuler forretningsideen til Aktiv Ung A/S, og lag ein marknadsplan for det første året. Marknadsplanen må innehalde alle dei nødvendige punkta, som SOFT-analyse, marknadsmål, målgruppe, bruk av konkurransemidlane (dei fem p-ane) og ein aktivitetsplan.
  • De skal også seie korleis de ønskjer å evaluere marknadsplanen. Legg eigne føresetnader til grunn dersom det er nødvendig.

Oppdrag 2 Økonomi

  • Beskriv kva Aktiv Ung A/S treng av eigedelar, utstyr og betalingsmidlar (anleggs- og omløpsmidlar) for å få etablert, produsert og levert opplevingsproduktet til kundane.
  • Set opp ein inngåande balanse for Aktiv Ung A/S.
  • De har bestemt prisen på opplevingsproduktet og skal no berekne kor mange kundar de trur de kjem til å få det første driftsåret.
  • Set opp eit resultatbudsjett for Aktiv Ung A/S’ første driftsår.
  • Lag ein rekneskapsmal i Excel ut frå inngåande balanse og resultatbudsjettet. Få med alle kontoane de treng for å opne og begynne å føre rekneskapen for bedrifta!
  • Vis tenkte føringar av dei første økonomiske transaksjonane den første driftsmånaden. Her må de førestille dykk kva inntekter og kostnader de kan få.
  • Avslutt rekneskapen etter ein månads drift. Forklar kva rekneskapstala fortel dykk.

Oppdrag 3 Administrasjon

  • Gå igjennom stillingsbehovet, og vurder ein tilsetjingsprosess for Aktiv Ung A/S ut frå eit femårsperspektiv.
  • Utform ein stillingsannonse, og kom med forslag til kvar annonsen bør publiserast.

Oppdrag 4 Tryggleik

Når ungdom kjøper opplevingsprodukt, er det viktig at tryggleiksrutinane rundt produkta er tekne vare på.

  • Gjer ein risikoanalyse av opplevingsproduktet de har valt, og beskriv kva tiltak som må til for å tryggje kundane.
  • Må noko kjøpast inn i samband med dette? Dersom svaret er ja, må de få med dette når de vurderer økonomien og handlingsplanen for Aktiv Ung A/S.

Oppdrag 5 Vurdering av framtidsutsikter

  • Korleis ser situasjonen ut etter at de har drive Aktiv Ung A/S ein månad?
  • Korleis vurderer de framtidsutsiktene til bedrifta?
  • Kunne de sjølve tenkje dykk å starte opp denne bedrifta i verkelegheita? Kvifor / kvifor ikkje?
CC BY-SASkrive av Eva Carmen Jensen og Hanne-Lisbet Løite.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver