Begrep

Artisjokk

Publisert: 09.03.2016, Oppdatert: 06.03.2017

Hugselappen

Med andre ord:

Latin: Cynara scolymus
Engelsk: Globe artichoke
Tysk: Artischocke
Fransk: Artichaut

 

Lagringstemperatur:

6–8 °C

 

Lagringskommentar:

Dersom artisjokken vert oppbevart på kjølerom, kan det lønna seg å dekkja kassen med ein våt duk for å halda oppe luftfukta.

To artiskokker på et bord. Foto.  Artisjokk er ei gammal kulturplante som vart dyrka ved kysten av Middelhavet. No vert det dyrka artisjokk over heile Sør-Europa og California. Artisjokk er eigentleg blomsterknoppen til ein tistelliknande medlem av korgplantefamilien, og han vert hausta like før blomstring. Det er dei store usprungne blomsterhovuda som vert nytta som grønsak.

Et par hender skreller en artiskokk. Foto.Skrelling av artisjokk. Det er den kjøtfulle nedste delen av kronblada og blomsterbotnen (hjartet) vi et.   

 

Bilete av braisert kaninlår med artiskokk og chorizo. Foto.Braisert kaninlår med artisjokk og chorizo.  

Variantar

Artisjokken finst i fleire fargar – som grøn og lilla, eller sjatteringar av dette, men den grøne er mest vanleg hos oss. Artisjokk vert av mange rekna som den finaste og lekraste av alle grønsaker, og smaken er mild og god.

Bruksområde

Artisjokk kan serverast som forrett eller som sjølvstendig rett. Som forrett bereknar vi minst ein halv artisjokk per person. Koketida varierer etter storleiken på artisjokken, men berekn frå 30 til 50 minutt. Når han er riktig kokt, skal dei enkelte blada sitja laust. Desse skal forsiktig nappast ut eitt for eitt og etast med rørt smør eller saus av ulike variantar. Det er det nedste på blada som skal etast. Til slutt ligg det beste att, nemleg blomsterbotnen som er delikatessa. Blomsterbotnen et vi med kniv og gaffel. Artisjokk kan også bakast i omn, men ikkje etast rå.

Næringsinnhald

Artisjokkar er svært rike på B-vitaminet folat og på antioksidantar. I tillegg inneheld dei fiberstoffet inulin.

Artisjokk inneheld cynarin, som er eit bitterstoff med positive verknader mot leversjukdommar og mageuro.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

Kvalitetskrav

Artisjokken skal verka tung i høve til storleiken. Han skal vera kompakt, og knoppane skal vera lukka. Blada og blomsterbotnen skal vera godt utvikla, mjuke og saftige. Fargen på artisjokken varierer utover sesongen og etter kva land vara kjem frå. Store artisjokkar er best fordi sjølve delikatessa, artisjokkbotnen, vert større.

Slik kokar du artisjokkhjarte.