Hopp til innhald

Fagstoff

Korndyrking i Noreg

Her kan du lese om kor mykje vi dyrkar av dei ulike kornartane i Noreg, kvar kornet blir produsert, og korleis kornproduksjonen i Noreg har utvikla seg dei siste åra. Det eit viktig mål å auke matkornproduksjonen i takt med befolkningsauken.

I Noreg dyrkar vi i hovudsak bygg, kveite, havre og rug.

Det blir dyrka mest bygg, med kveite som ein god nummer to. Havre står for litt under ein firedel av det produserte volumet, medan rug totalt sett berre utgjer ein liten del av den totale mengda korn som blir dyrka.

I 2014 vart det produsert 1 168 000 tonn korn i Noreg.

Dei tre største kornfylka er Akershus, Østfold og Hedmark. Klima og dyrkingsforhold gjer at vi ikkje kan dyrke korn over heile landet. I Nord-Noreg og på Vestlandet blir det ikkje produsert korn til modning, og korn blir heller ikkje dyrka oppe i fjellområda.

Mange år med vekst og framgang gjorde oss nesten sjølvforsynte med dei sortane vi kunne dyrke i Noreg. Årsaka til det var at vi fekk betre sortar, meir kunnskap og betre dyrkingsteknikk. I tillegg var det lønnsamt nok til å motivera kornprodusentane.

Etter at arealet for korn nådde ein historisk topp i 1991, snudde det. No er kornarealet redusert med ein firedel, eller 750 000 dekar, og utgjer i dag mindre enn tre millionar dekar.

I landbruks- og matmeldinga til regjeringa frå 2014 er det eit viktig mål å auke matkornproduksjonen i takt med befolkningsauken. Det er ønskeleg å auke kornproduksjonen med 20 prosent.

Finn ut meir

1. Blir det dyrka korn i heimfylket ditt? Kva kornslag blir dyrka? Dersom det ikkje blir produsert korn: Kva er årsaka til det?

2. Blir det produsert korn i heile heimfylket ditt? I kva delar av fylket blir det dyrka korn?

3. Kva kornslag blir dyrka i området der du bur? Snakk med læraren, lokale bønder eller landbrukskontoret i kommunen.

Her er lenke til talmateriale:

Totalavling av ulike kornslag per fylke

Hugselappen

– Bygg er den kornarten det blir dyrka mest av i Noreg.

– Kveite er nest størst.

– Rug er den kornarten det blir dyrka minst av.

– Kornproduksjonen i Noreg hadde ein topp i 1991 og har sidan gått ned.

– Klima og dyrkningsforhold gjer at det ikkje blir produsert korn i heile Noreg.

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2018

Læringsressursar

Dyrking av korn