Fagstoff

Sjølvstendig næringsdrivande

Publisert: 05.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Huskelappen

Du kan eige bedrifta aleine eller saman med nokon. Dersom fleire eig ei bedrift saman, har eigarane eit delt ansvar.

Ei bedrift kan og vere eit aksjeselskap. Dersom du er leiar i eit akseselskap, er du ikkje sjølvstendig næringsdrivande. Du er tilsett, og selskapet er arbeidsgivaren din.

Det finst mange måtar å eige og drive ei bedrift på.

 

Arbeidsgivaravgift
Skatt til staten av lønna som dei tilsette du har, får utbetalt.

 

Folketrygda
Som lønnsmottakar betaler du litt av lønna du tener til folketrygda. Dette gir deg rett til tenester som sjukepengar og trygd.

Tre gründere. Foto.  

Dei fleste yrkesaktive menneske er tilsette på ein arbeidsplass. Men mange startar også si eiga bedrift og er sjølvstendig næringsdrivande.

Som sjølvstendig næringsdrivande eig du di eiga bedrift. I denne bedrifta kan du jobbe aleine, eller du kan ha tilsette. Mange dyktige yrkesutøvarar startar si eiga bedrift.

Elevbedrift eller ungdomsbedrift kan gi nye muligheter

Kanskje har du hatt elevbedrift eller ungdomsbedrift som fag på skolen? Da veit du at du treng gode idear, pågangsmot og noko økonomisk sikkerheit for å kome i gang. Du veit også at bedrifta må tene nok pengar til lønn til deg og andre som er tilsette, til utstyr og råvarer og skattar og avgifter.

Gjer deg kjent med reglane for din virksomhet

For nokre typar verksemder må du også ha ulike typar godkjenningar, for eksempel dersom du skal starte ein familiebarnehage eller jobbe med næringsmiddelproduksjon.

Når du er sjølvstendig næringsdrivande, gjeld andre reglar enn for tilsette:

  • Du betaler ikkje arbeidsgivaravgift til staten for di eiga lønn. Arbeidsgivaravgift er ein skatt til staten tilsvarande ein prosentsats av lønna til arbeidstakaren.
  • Du betaler arbeidsgivaravgift for lønn til dine tilsette. Dei skal også ha feriepengar.
  • Du opparbeider deg ikkje dei same rettane til folketrygda som arbeidstakarar gjer. Det gjeld eigne reglar for sjølvstendig næringsdrivande.
  • Du får ikkje sjukepengar før det har gått ei viss tid.
  • Du får ikkje arbeidsløysetrygd før etter åtte veker.
  • Du må betale forskotsskatt. Denne blir rekna ut frå kor mykje det er forventa at bedrifta di vil tene.
  • Dersom du tek opp lån til bedrifta, står du personleg ansvarleg for dette lånet.

Som privat næringsdrivande er du altså ikkje sikra alle dei rettane som tilsette har. Det finst forsikringsordningar som sikrar dette for privat næringsdrivande.

Mange fagutdanna i helse-, sosial- og oppvekstsektoren startar si eiga bedrift. Nokre døme er:

  • familiebarnehagar
  • hudpleiesalongar
  • velveresenter
  • personlege assistentar

Utfordringar til deg

  1. Finn ut om det er personar i kommunen eller bydelen din som driv si eiga bedrift innan helse-, sosial- og oppvekstsektoren.
  2. Intervju ein eller fleire av dei om korleis det er å drive si eiga bedrift.
 

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald