Hopp til innhald

Fagstoff

Lysgroing av poteter

Å legge poteter til lysgroing vil seie å plassere dei i lyset slik at dei utviklar groar. Lysgrodde poteter kjem raskare i vekst, og vi får større avling.
Lysgroing av poteter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er lysgroing, og kvifor legg vi poteter til lysgroing?

  • Setjepotetene blir lagde i eit varmt og fuktig rom med kunstig lys eller ute i dagslys ein månads tid før dei skal setjast.
  • Groing under slike tilhøve gir korte, lubne og seige groar som ikkje så lett fell av under setjing.
  • Lysgroing gir raskare spiring, høgare avling og meir modne knollar.
Lysgrodde mandelpoteter. Foto.
CC BY-SASkrive av Rune Horsberg.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2017

Læringsressursar

Dyrking av potet