Oppgåve

Vurdering av eit produkt

Publisert: 16.11.2015, Oppdatert: 06.03.2017

Hugselapp

 

Å vurdere eige produkt er viktig i arbeidet med å kvalitetssikre og vidareutvikle arbeidsprosessar.

Kvinne strikker ullveske. FotoFerdig produkt

I denne oppgåva skal du reflektere over og gjere greie for dei vala du har gjort opp mot eit produkt som du har laga.

Arbeidsform: Individuell

Tid: Ca. 3 skuletimar

Teori: Designprosessen 

Fagord


Når ein vurderer produkt er det viktig å trekke fram fagord knytt til produktet. Dette kan vere ord knytt til

  • Form
  • Farge
  • Funksjon
  • Komposisjon
  • Balanse
  • Heilskap

 

Kvinne strikker veske av ullgarn. Foto.Prosess  

Prosess

  1. Finn fram eit produkt du har laga i produksjon. Har du ein større designprosess til produktet, bør du ta med denne i vurderingsarbeidet.
  2. Vurder nokre av fasane i designprosessen:
    • Idéutvikling
      • Kva har du gjort i denne fasen som var avgjerande for det ferdige produktet?
      • Er det noko i denne fasen du kunne gjort annleis?
    • Planlegging
      • Kva avgjerd tok du i planleggingsfasen som var avgjerande for det ferdige produktet?
      • Kunne du ha valt andre alternativ i denne fasen?
    • Gjennomføring
      • Kva gjorde du i gjennomføringsfasen som du er veldig nøgd med?
      • Kva ved produktet ditt kunne vore gjort annleis?
      • Korleis følgde du planen du hadde før gjennomføringsfasen? 
      • Gjorde du endringar undervegs?
    • Dokumentasjon
      • Korleis har du dokumentert prosessen frå start til slutt?
      • Kva nytte vil du seie dokumentasjonen har?
  3. Kvalitetssikring:
    • Kva kan du seie om kvaliteten til produktet ditt?
    • Er det noko du kunne ha endra i designprosessen som kunne ha vore med på å gjort produktet betre?
    • Kva er dei sterke sidene til produktet?

Vurdering

Vurdere eige arbeid som ledd i å kvalitetssikre og vidareutvikle arbeidsprosessar og produkt (vurderingskriterie

 Innlevering og vurdering av:

  • Ein tekst der punkta ovanfor er gjort greie for

Relatert innhald

Oppgåve