Hopp til innhald

Fagstoff

Sikker jobb-analyse – SJA

Sikker jobb-analyse er ei risikovurdering av arbeidet som skal utførast. Gjennom denne prosessen finn vi kva tiltak som må gjennomførast for å redusere risikoen til eit akseptabelt nivå.
Tre offshore-arbeidarar held eit ratt med orda "risiko", "sannsyn", "kunnskap" og "konsekvens". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når og korleis skal ein gjennomføre ein sikker jobb-analyse – SJA?

Sikker jobb-analyse (SJA) blir brukt når det finst risikoelement som må belysast før eit arbeidsoppdrag kan starte. Det er utarbeidd felles retningslinjer for SJA som forklarer når og korleis ein SJA skal brukast:

Norsk olje og gass: 090 – Norsk olje og gass. Anbefalte retningslinjer for felles modell for sikker jobb analyse (SJA)

Sikker jobb-analyse blir gjennomført i eit møte. Der skal områdeansvarlege, skiftleiar og utførande personell delta. Nokre gonger deltek òg ein representant frå HMS-leiinga om bord.

Jobben blir delt opp og vurdert for risikoelement. Når vi identifiserer ting som kan gå gale, kallar vi det ein risiko. Risiko skal reduserast ved hjelp av tiltak. Vanlege tiltak for å redusere risiko er sperringar, trygging, vakthald, stenging av system, stopp i andre aktivitetar i nærleiken og så vidare. Det er slike tiltak som skal kome fram i analysen av arbeidet.

Filer


Tiltaka skal førast inn i SJA-skjemaet, og deltakarane skal signere på SJA-en. Tiltaka skal setjast inn før arbeidet kan starte. Under utføring av jobben skal kvar enkelt arbeidar likevel vere merksam og vurdere sin eigen og andre sin tryggleik.

Risikoanalysen

I SJA-prosessen blir det utført ein risikoanalyse. Vi vurderer kva som kan skje undervegs i arbeidet, kor stor konsekvens det kan få, og kor stort sannsyn det er for at det kjem til å hende. Mange bedrifter bruker ei risikomatrise som hjelp til analysen.

Risikomatrise. Ein skal krysse av for lågt, middels eller høgt sannsyn for at noko skjer og låg, middels eller høg konsekvens av at noko skjer. Illustrasjon.

Ein risikoanalyse blir berre god når alle deltek med forståinga si og tankane sine om arbeidet som skal utførast. Det er kompetansen din i faget som avgjer om jobben er godt nok analysert, om tiltaka er gode nok, og om risikoreduksjonen er god nok.

Arbeidstilsynet: Risikovurdering

SJA-skjemaet krev at du tenkjer på jobben slik han skal utførast (plan), og alle skal prøve å finne moglege farar.

  • Kva kan gå gale?

  • Kva kan vi gjere for å forhindre dette?

  • Kva kan vi gjere for å redusere konsekvensane dersom det skjer?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021

Læringsressursar

Kontroll, pakking og trygging av gods