Hopp til innhald

Fagstoff

Avvik

Avvik er feil og uønskte hendingar som kan oppstå i strid med regelverket for verksemda. Store og små avvik skjer i alle matbedrifter.
Ei mus snusar på osten i musefella. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kan vere feil som oppstår i rutinar, utstyr eller produkt, og som kan vere viktig for mattryggleiken. Til dømes kan temperaturen ha blitt for høg på kjølerommet eller skadedyr ha komme seg inn på kjøkkenet. Det er viktig at de oppdagar avvik, utbetrar dei og hindrar at det skjer igjen.

Når feil oppstår

Det er eit krav om at alle matbedrifter skal ha ein skriftleg rutine for avviksbehandling. Dette er viktig for å bidra til trygg mat, og ein bør derfor registrere avvik på ein god og systematisk måte. Det er vanleg å bruke eit eige skjema eller ei loggbok.

Når noko går gale, må du ordne opp straks, og du må vurdere tiltak for å hindre at det skjer igjen. På avviksskjemaet eller i loggboka noterer du

  • kva som gjekk gale
  • kvifor det gjekk gale
  • kva som vart gjort med det same
  • kva som eventuelt må gjerast i ettertid

Her viser vi døme på korleis eit avviksskjema kan fyllast ut:

Avviksskjema for: Restaurant China eden house
015/2021

Dato: 5.11.2021

Avviket blir vurdert som: (set kryss)

Mindre:
Større:
X
Kritisk:


Kven oppdaga feilen:
Nils
Kven er feilen rapportert til: Ellen
Hvem skal behandle avviket: Ellen

Dato: 5.11.2021

Beskriv feilen/det som gjekk gale:

Det var ei mus på kjøkkenet då eg kom på jobb i dag kl. 8.

Dato:
5.11.2021

Avviksbehandling/kva gjorde du med ein gong:

Tore og eg sette opp ei musefelle med ein gong. Det tok omtrent 7 minutt, og så hadde vi fanga musa. Vaska og desinfiserte benkar, moppa golvet og støvsugde under kombidamparen der vi hadde sett at ho var. Laga ikkje mat før det var gjort. Vi sette òg opp fleire feller for å sjå om det kan vere fleire mus.

Dato:
6.11.2021

Korrigerende tiltak/kva blir gjort for å hindre at same feil skjer fleire gonger:

Tek forholdet opp på personalmøtet om ei veke for å betre rutinane for å halde utgangsdøra lukka mest mogleg. Kontaktar skadedyrfirma og gjer ein avtale om jamlege skadedyrkontrollar. Vaktmeisteren kom og utbetra glipe under dør.

Dato: 12.11.2021

Korrigerande tiltak er gjennomførte:

Signatur: Ellen

I dette dømet på eit avviksskjema er det ei grundig beskriving av feilen, kva som vart gjort for å rette opp feilen, og kva slags korrigerande tiltak som vart utførte for å hindre at det same skjer fleire gonger. Feilen i dette dømet er at det vart oppdaga ei mus på kjøkkenet.

CC BY-SARettshavar: Mattilsynet
Sist fagleg oppdatert 11.11.2022

Læringsressursar

Internkontroll og HACCP