Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeid i høgda

Mykje av arbeidet som blir utført som rutinearbeid og reparasjonsarbeid, er klassifisert som arbeid i høgda. Slikt arbeid skal planleggjast og analyserast for risiko i forkant.
Skilt med teksten "Arbeid i høyden". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reparasjon og vedlikehald i høgda

Det blir utført mykje arbeid i høgda i arbeidslivet. Både fastmontert, rørleg og mellombels utstyr krev vedlikehald og ettersyn. Arbeid i høgda er definert som alt arbeid meir enn ein meter over bakkenivå. Ein bruker ulike hjelpemiddel og sikringssystem for å unngå ulykker ved arbeid i høgda.

Særleg utstyr i boretårnet er utsett for ristingar og vibrasjonar som gjer at det må sjekkast hyppig. Reparasjon og vedlikehald kan medføre arbeid i høgda, som til dømes skifte av delar som må vere på plass å kunne halde fram operasjonen. Det kan vere smørjing av utstyr og reinhald for å vere for å unngå unaudsynlege stopp i operasjonen.

Sikring av personell i høgda

Det meste av arbeidet i høgda skjer i der ein blir køyrd med ein manrider-vinsj. Ein manrider har ein maks løftekapasitet på 150 kg. Vinsjen skal ikkje brukast til utstyr eller andre tunge gjenstandar.

Vinsj som køyrer person opp og ned i boretårnet. Ein person på bakken styrer vinsjen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Bruk av ridebelte skal avgrensast og må aldri reknast som ein rutineoperasjon.

Andre metodar for sikring av personell

Arbeid kan òg utførast frå gangvegar som er tilgjengelege i boretårnet. Ved større arbeidsoperasjonar der det er vanskeleg å kome til frå gangveg, blir det bygd stillas.

Arbeidstilsynet har stort fokus på farar, prosedyrar og alternative løysingar for arbeid i høgda, sjå sida Arbeid i høyden (arbeidstilsynet.no).

Sikring av verktøy

Ved arbeid i høgda er det strenge krav til sikring av verktøy og anna utstyr som skal vere med opp i høgda. På boredekk er det eit eige verktøyskap for arbeid-i-høgda-verktøy. Verktøyet er utforma slik at ein kan feste sikringsutstyr til verktøyet. Sikringa skal festast i personen som skal gjere arbeidet i høgda. Ei anna løysing er ein spesialdesigna verktøybag som kan takast med opp i høgda om det er mykje verktøy som trengst for ein arbeidsoperasjon.

To bilete. På bilete til venstre er ei slegge sikra med stropp i eit rekkverk. På biletet til høgre held ein arbeidar slegga. Både han og slegga er sikra. Foto.

Loggføring av verktøy

Alt verktøy og sikringsutstyr som blir brukt for arbeid i høgda, skal loggast i ei loggbok. Når arbeidet er ferdig, skal utførande personell signere i loggen for at verktøyet er tilbake på plass der det høyrer heime. Det er særs viktig å følgje prosedyren slik at alle veit at alt av verktøy er tilbake på plass når arbeidet er ferdig.

Sjekk etter arbeid

For å hindre at verktøy og utstyr blir gløymt att, skal det gjennomførast ein . Til og med gjennomføring av DROPS er arbeid i høgda, og den skal utførast av nokon som ikkje deltok i arbeidet forut. Det gjer at vi får "nye" auge inn på området for å sjekke etter moglege lause gjenstandar. Ofte blir DROPS kombinertmed anna arbeid som kjem innunder generelt reinhald og vedlikehald.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 26.07.2017

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring