Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve til kommunestyre- og fylkestingsval

Kombinasjon av individuelt arbeid og gruppearbeid. Oppgåvetype 3-2-1.

Oppgåve 1: 3 - 2 -1

Individuelt:

Les gjennom denne fagteksten kvar for dykk - plukk ut 3 viktige punkt du har lært om i denne teksten. Ta fram 2 moment som du synes var vanskeleg å forstå.

Skriv ned 1 moment som du ønskjer å lære meir om. Tenk over korleis du kan lære meir om dette.

Gå deretter saman i grupper på 3:

Vel ein ordstyrar i gruppa.

Del dei 3 viktige punkta med dei andre i gruppa. Diskuter i fellesskap til kva 3 punkt som de meiner er viktigast i denne teksten. Grunngi kvifor de valde desse punkta.

Lag så eit manus til ein kort munnleg presentasjon av resultatet de har kom fram til. Presentasjonen skal være på om lag 4 minutt, og alle skal seie noko.

Gjennomfør presentasjonen for resten av klassen.

Oppsummering i eigen loggbok:

  • Kva har vore mine sterke sider i gruppa i dag?
  • Kva har vore mine utfordringar?
  • Kva har eg lært av klassekameratane mine? Skriv ein positiv kommentar om kvar av dei.

Gå deretter saman i gruppa igjen:

  • Ta fram 2 moment du syntes var vanskelig å forstå og del dei med medelevane i gruppa. Spør medelevane om dei kan hjelpe deg.
  • Ta fram det eine momentet du ønskte å lære meir om og del det med medelevane i gruppa. Diskuter i fellesskap korleis de kan lære meir om dette.

Relatert innhald

Val av representantar til kommunestyre og fylkesting blir haldne kvart fjerde år. Kvar kommune og kvart fylke dannar ein valkrins.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2017

Læringsressursar

Det demokratiske systemet i Noreg