Hopp til innhald

Fagstoff

Varmt arbeid

Varmt arbeid er delt inn i to grupper: klasse A og B. Forskjellane på klasse A og B er definert etter kva type varme ein lagar i arbeidet.
Sveisearbeid på oljeplattform i Nordsjøen, 1982. Ein arbeidar i kjeledress, hjelm og sveisebriller sveisar så gneistane sprutar. I bakgrunnen ser vi maskineri, kablar og ein annan arbeidar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Varmt arbeid klasse A

Varmt arbeid klasse A er arbeid med utstyr og verktøy som utgjer ei direkte tennkjelde, og som ved normal bruk kan setje fyr på ein eksplosiv atmosfære, faste stoff eller væsker. Det vil seie at det tek høg energi i form av gneistar, open flamme eller lysboge, eller at det har ein overflatetemperatur som er høgare enn til det som blir utsett for varmen. Typiske arbeidsoperasjonar som sorterer under varmt arbeid klasse A, er: sveising, pinnesveising, skjerebrenning, vanleg sliping/kutting og spenningsgløding.

Ein må ta omsyn til området der arbeidet skal utførast. Områda på ein installasjon offshore er delte inn i tre soner: klassifisert område, uklassifisert område og godkjend verkstad.

Reglane for varmt arbeid finn du i desse retningslinjene:
NOROG 088 – Arbeidstillatelse

Prosedyre for varmt arbeid klasse A

Det skal alltid fyllast ut eit arbeidsløyve (AT) for varmt arbeid klasse A, uansett kva sone jobben skal gjerast i. Skal ein jobbe i eit klassifisert område, må ein i tillegg ha ein sikker jobb-analyse (SJA). Det skal alltid vere ei til stades ved varmt arbeid klasse A. Om det skal jobbast på ein vegg, er det viktig å sjekke på baksida av veggen om det er noko som kan ta fyr der. Dersom det er noko som kan ta fyr på baksida av veggen, skal det vere ei ekstra brannvakt på denne sida. Tilsvarande gjeld ved arbeid på golv med ein etasje under.

Ein skal bruke naudsynt og anna eigna verneutstyr for arbeidsoppgåva, fjerne eller dekkje til brannfarleg materiale i området, sperre av området om naudsynt og ha med seg ein gassmålar. Før ein startar opp arbeidet, skal ein måle O₂, , benzen, jernsulfid og lågradioaktive avleiringar med gassmålaren, og verdiane skal noterast i arbeidsløyvet. Berre dei verdiane som er relevante for arbeidsløyvet, skal noterast. Ein gassmålar skal vere tilgjengelg på arbeidsstaden så lenge jobben er aktiv.

Varmt arbeid klasse B

Varmt arbeid klasse B er arbeid som utgjer ei potensiell tennkjelde, og som ikkje er definert som varmt arbeid klasse A. Døme på dette er varmekrymping med elektrisk fønar, sandblåsing, nålepikking, elektrisk handverktøy, kamera med batteri og blits, alt elektrisk eller batteridrive utstyr som ikkje er for områda der det skal brukast, og roterande stålbørstar.

Det betyr at det indirekte kan oppstå ei tennkjelde som følgje av arbeidet som blir utført. Denne typen varmt arbeid krev ikkje at det er brannvakt ved arbeidsstaden. Ein bør vurdere å ha brannsløkkingsutstyr i nærleiken, men det er ikkje eit krav. Ein skal ha gassmålar med seg heile tida. Aktuelle verdiar skal målast før arbeidet startar, og noterast i arbeidsløyvet. Ein skal bruke verneutstyr som er eigna til den aktuelle arbeidsoperasjonen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring