Hopp til innhald

Fagstoff

Entringsløyve

Å gå inn i (entre) ein tank eller eit lukka rom er ein arbeidsoperasjon som krev mykje forarbeid og tilrettelegging, avhengig av kva type tank eller lukka rom ein skal inn og jobbe i.
To arbeidarar er inne i ein tank og ein står på utsida og gjennomfører gassmåling av arbeidsmiljøet i tanken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt i emnet

  • gass- og O₂-måling

  • SJA og at nivå 1

  • sperreband og entringsvakt

  • radiokommunikasjon

Behov for inspeksjon, reparasjon eller reinhald og vedlikehald er dei vanlegaste årsakene til at vi skal entre ein tank. Før vi kan gjere jobben, må vi søkje om og gå gjennom arbeidsoppdraget med ein sikker jobb-analyse ().

Norsk olje og gass har utarbeidd ei tilrådd retningslinje som beskriv korleis førebuingane og tryggingstiltaka skal utførast. Kvart enkelt operatørselskap lagar prosedyrar for arbeidsutføring ut frå den tilrådde retningslinja.

Norsk olje og gass: 088 – Norsk olje og gass. Anbefalte retningslinjer for Felles modell for arbeidstillatelse (AT)

HMS DIREKTIV 2 ENTRING

Regelverk for entring (BP)

Førebuingar

Ein mann opnar døra til eit maskinrom der det er ein gassturbin. Foto.

Det første vi må gjere, er å finne ut kva innhald som har vore i tanken. Det må vi vite for å kunne setje inn riktige tiltak for sikkert arbeidsmiljø.

Deretter skal vi utarbeide ein SJA, der alle involverte i arbeidslaget, , den områdeansvarlege og verneombodet skal vere til stades. SJA-dokumentet skal følgje eit arbeidsløyve nivå 1, som er eit krav til entringsoppdrag. Gjennomgangen skal følgje standard sjekkpunkt for å sikre at alle innløp til tanken er fysisk avstengde, slik at det ikkje er mogleg å fylle tanken mens nokon jobbar i han. I tillegg skal sjekkliste for entringsvakta sine plikter òg gjennomgåast i SJA-møtet.

Tanken kan vere i eit område der folk ferdast heile tida. Derfor er det viktig å sperre av området med raudt og kvitt sperreband. I tillegg til sperreband skal det alltid vere minst éi entringsvakt på utsida av tanken. Du skal aldri entre ein tank eller eit lukka rom utan å forsikre deg om at entringsvakta er til stades og har forstått oppgåvene sine. Det skal vere radiokontakt mellom dei som er i tanken og arbeidar og entringsvakta.

Sjekk av tanken

Når alle papir er signerte og godkjende, ventilar er avstengde, og sperringar er på plass, må vi sjekke tanken for eventuelle gassar. Vi sjekkar om det er nok oksygen til at nokon kan opphalde seg i tanken, eller om ein må lufte ut før ein kan entre. Dette gjer vi med ein gassmålar, og det skal gjerast like før entringa.

Samarbeid for Sikkerhet: Pusteluft og åndedrettsvern. SfS Anbefaling 09N/2017

Entring av tanken

Det er vanleg at spesialtrent personell utfører dei første målingane. Har dei moglegheit til å måle tanken utan å entre han, er det absolutt ein fordel. Om dei må entre tanken for å få teke dei naudsynte målingane, skal dei bruke .

Verdiane skal noterast på arbeidsløyvet. Når dei første målingane er gjort og alt er klart til å entre tanken, er det viktig at dei som skal inn i tanken, har med seg gassmålar. Gassverdiane i tanken kan endre seg, og då vil gassmålaren varsle ved lys og lyd.

Uansett kor mange tiltak som blir sette inn for å gjere arbeidet sikkert, er det ikkje garantert at det er nok. Ulike ting kan skje som gjer at vi ikkje klarer å fange opp verdiendringar på gassmålaren, eller at han går tom for straum (om han er batteridriven). Då kan det oppstå uønskte hendingar, og personar som oppheld seg i tanken, kan av ulike årsaker miste medvitet. Det kan òg oppstå andre situasjonar som det er viktig å melde frå om. Om uhellet er ute, må entringsvakta ta ansvar og kjenne arbeidsoppgåvene sine.

Arbeidsoppgåvene til entringsvakta

Entringsvakta skal halde auge med og vere i kontakt med dei som er inne i tanken. Det første entringsvakta må gjere ved ei uønskt hending, er å varsle sentralt kontrollrom (). Det er viktig å vere nøyaktig i informasjonen som blir gitt.

Kvar er det, kva har hendt, kva støtte er naudsynt? Er det ein fysisk skade, eller er det snakk om nokon som har mista medvitet?

Deretter må entringsvakta tenkje på sin eigen tryggleik når han eller ho skal hjelpe personen/personane som oppheld seg i tanken. Dersom det har skjedd noko med verdiane i tanken, skal entringsvakta ikkje entre tanken utan å ha friskluftsmaske på seg. Når entringsvakta har fått på seg naudsynt utstyr, kan han eller ho entre tanken og gi hjelp som kan gjerast på staden. Det kan vere å få på personen ei friskluftsmaske eller gi andre typar førstehjelp.

Når det kjem meir personell til unnsetning, kan arbeidet med å få personen eller personane ut av tanken starte. Om bord på installasjonane er det spesialutstyr til denne typen redningsarbeid. Bruk verneutstyret, og tenk på eigen tryggleik i alle redningssituasjonar.

CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2018

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring