Hopp til innhald

Fagstoff

Reindriftsåret

Reindrift følgjer ein heilt bestemd årssyklus. Flyttinga frå vinterbeitene til kalvingsområda er starten på eit nytt driftsår. Reindriftsåret blir ikkje berre delt inn i sommar, haust, vinter og vår, men blir inndelt ut frå dei åtte årstidene som finst i det samiske språket.

Same sjekkar reinflokken med snøskuter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidet i dei ulike årstidene blir bestemd av snø- og vêrforhold og andre forhold som varierer med årstidene, men òg av driftsform, vanene og årssyklusen til reinen. Drifta omfattar å halde vakt over reinflokken, merking, slakting, samling og skiljing av dyra og arbeid i samband med flyttinga mellom beiteområde.

Reindriftsåret

Reindriftsåret startar 1. april og sluttar 31. mars året etter. Reindrifta er ei nomadisk driftsform. Det vil seie at dei som driv med rein, flyttar med reinflokken mellom ulike årstidsbeiter eller område for få beste utnytting av beiteressursar i fjell og utmark. Vinter- og sommarbeiteområde har to vidt ulike typar landskap med tilhøyrande forskjellar. Dei kan liggje langt frå kvarandre, men er kopla saman av trekk- og flyttleiene til reinen.

Tabellen nedanfor viser forskjellar mellom vinter- og sommarområde:

sommar

vinter

kystfjella

innlandsbeite

BEITE

grønt beite

karrig vegetasjon med mykje lav

KLIMA

kjølig og fuktig klima

tørt klima og lite nedbør

SNØFORHOLD

mildare vintrar – nedbør, snø og is på vinteren

kalde vintrar

INSEKT

få insekt som plagar dyra

varme somrar med mykje insekt


Åtte årstider

I reindrifta blir året delt inn i åtte årstider. Kvar årstid har arbeidsoppgåvene sine:

  1. giđasdálvi (vårvinter)
  2. giđđa (vår)
  3. giđasgeassi (vårsommar)
  4. geassi (sommar)
  5. čakčageassi (haustsommar)
  6. čakča (haust)
  7. čakčadálvi (haustvinter)
  8. dálvi (vinter)
Årshjulet viser kva månedar i året som fell inn under kvar av dei åtte årstidene, og kva aktivitetar som går føre seg i reindrifta i desse årstidene. Mars og april er vårvinter. Då skjer vårflyttinga. April og mai er vår med kalving og dyr på vårbeite. Vårsommar er mai og juni, og sommaren tek til i juli. I denne perioden startar arbeidet med å merke dyra og dei blir flytta til sommarbeite. August og september er haustsommar, og dyra blir flytta til haustbeite. Hausten tek til i oktober. Hausten er tid for brunst og slakting. Haustvinter er november og desember. Vinteren kjem i januar og februar. Då blir reinen flytta reinen til vinterbeite, og tida er inne for vinterslakting og temjing. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg til det å flytte med reinflokken mellom vinterbeite, vår- og haustbeite og sommarbeite blir mange arbeidsoppgåver, som merking, slakting, samling og skiljing, knytte tidsmessig til dei ulike beiteområda. Men naturmessige forhold kan likevel føre til stor variasjon i driftsmåtar og årssyklus i reinbeiteområda.

NRK-serien Reinlykke følgjer familien Eira frå Kautokeino gjennom ulike fasar, der flytting av rein, kalving, merking og slakting går føre seg.

aktivitet

tidsrom

reindriftsåret byrjar

1. april

vårflytting

mai og juni

tilsyn simleflokk

mai og juni

kalving

mai og juni

vedlikehald anlegg

mai og juni

merking av kalv

juni til september

samling av ressursar for vinteren

juli til september

slakting av rein for peskskinn

august

slakting – slakteri og eigen nisterein

september og oktober

tilsyn okseflokk

september til november

haustflytting

oktober og november

vintergjeting

desember til mars

slakting nisterein

januar og februar

slakting av rein frå m.a. andre flokkar

januar til mars

Vinter og vår i reindrifta

Vinteren er ofte ein stille periode for reineigarane fordi beiteforhold og snø kan bidra til at reinen er roleg. I denne perioden blir vintergjetinga av reinflokken utført for å halde oversikt over kvar det finst beite med avgrensa mengd laus snø. Til gjetinga høyrer òg å ta avgjerder om kvar og når flokken skal flyttast, og å hente rein som har blanda seg med andre flokkar eller har kome bort frå flokken.

Dei eldre reingjetarane nyttar ofte høvet til å lære dei unge grunnprinsippa i tradisjonell gjeting, til dømes å "lese" snøforhold som kan påverke reinen, flokken og gjetinga. Dei lærer òg å "lese" område og topografi. Eit viktig arbeid er å få ungdom til å bry seg om og lære reindriftsprat (boazoságat) ved å lytte og lære korleis erfarne reingjetarar kommuniserer i samband med gjeting.

Siidamedlemmene treng både mat og utstyr, og dette må ordnast i løpet av vinteren. Om vinteren har nemleg reindriftssamane tid til å gjere arbeid som ikkje har vorte gjort i dei andre årstidene. Menn og kvinner har ofte ulike arbeidsoppgåver. Kvinnene deltek på lik linje med mennene i alt arbeid som gjeld reindrifta. Dei gjeter rein og lærer dei unge om etikk og respekt for naturen og dyra. Mennene held ved like driftsutstyr, som til dømes sledar. Men når det gjeld sying og reparasjon av vinter- og sommarklede til heile familien, har dette vore ein del av arbeidet til kvinnene.

Mann i samedrakt saman med rein med utsmykka sele og slede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vårvinteren byrjar i februar/mars og varer ut april. I denne perioden er bevegelsen til reinflokken minimal fordi det ofte er djup snø. Når reinen held seg i ro, sparer han på kreftene. Arbeidsoppgåver som høyrer vinteren til, er slakting for privat bruk. Ein slaktar giđaniesttit, omarbeider kjøt og tarmar til mat. Andre delar av reinen blir nytta til å sy bruksting og klede (duodji).

Samtidig førebur ein vårflyttinga. Då blir det òg ordna duodji-materiale som skal nyttast i samband med haustarbeid, som til dømes å lage sisti (skinn utan hår).

Etter at vårflyttinga er over og simlene har fått kalvar, byrjar førebuinga til kalvemerkinga. Det blir lagt til rette for gárddástallan (arbeid i gjerdet) for å prøve å få alle kalvane merka. I denne perioden er det hektisk aktivitet blant alle reindriftssamar. Det å merke kalvane betyr at kalvane får eit snitt i øyret som fortel kven som eig kalven. I Noreg må all rein ha merke, det vil seie at han må høyre til nokon. Alle i familien, både små og store, deltek i arbeidet med kalvemerking.

Reinsdyr i innhenging. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sommar- og haustarbeid

Denne perioden er prega av arbeidet med å førebu seg til neste vinter. Arbeidet består i å ta vare på produkt og omarbeide det som skal nyttast til duodji, slik som avhåring av skinn som skal bli til sisti. Vidare skal ein lage bruksting av produkt av rein og sy klede som ein nyttar for ikkje å fryse om hausten og vinteren.

På denne tida skjer ein sennegras (Carex vesicaria) – gámasuoinnit. Det beste produktet blir ved å ta ut sennegraset når det er fullvakse, rundt slutten av juli. Graset blir då omarbeidd til bruk i skallar om vinteren/vårvinteren. Ferdig produkt av sennegras blir kalla bilga, som er dobbeltknippe av sennegras (to knippe, fletta saman i den eine enden). Til dette arbeidet nyttar ein utstyr som sigd (sirpe) til å slå graset med, heakkel, som er ei fjøl med spikar som blir nytta til å slå sennegras mot, og klubbe til å gjere graset mjukt.

Hausting av naturen, som å plukke bær, spesielt moltebær, er òg viktige delar av arbeidet i denne perioden.

Slutten av sommaren og hausten er igjen ein hektisk periode for reindrifta fordi reineigarane då har mykje arbeid: reparasjon av gjerdeanlegg, samling, haustslakting og førebuingar av haustflyttinga. Det er viktig å få gjerda, både ringegjerda (gárdi) og sperregjerda (áidi), i orden i god tid før arbeidet med rein i gjerdet byrjar. Gjerdearbeidet består i å setje opp gjerde for enkeltrein eller reinflokken og reparasjon av gjerdeanlegg (gárdi, áidi).

I nokre område gjeldar (kastrerer) ein reinoksar i byrjinga av august, medan andre gjer det i byrjinga av september like før brunsten, etter brunsten eller utpå vårvinteren. Reineigarane seier at det er ein fordel å kastrere reinoksane som er eldre enn fem år (nammaláhpat), før brunsten, fordi brunsten vil bli ei så stor påkjenning på dei at dei oftast vil døy etter brunst.

Når reinen er på leiting etter sopp, hender det ofte at flokken spreier seg. Dette gir ekstra utfordringar for reingjetarane. Dei må samle flokken for å kunne gjere naudsynt arbeid, som å merke kalvar, trekkje ut slaktedyr, gjennomføre haustslakting eller levere til slakteriet. Reinen er tyngst før brunsten i midten av september. Derfor er det fordelaktig for reineigarane å slakte då, både økonomisk og arbeidsmessig. I samband med slakting tek reineigarane ut kjøt til eige forbruk. Alt frå reinen blir teke vare på og nytta.

Etter at rein er slakta, kan materialet til duodji bli teke ut. Det blir omarbeidd på sommarbuplassen og blir gjort om til ferdige produkt på vinterbuplassen.

Gjeting og anna arbeid krev meir av reingjetaren om hausten enn elles. Brunsten samlar reinen, noko som er til stor hjelp for reineigaren. Brunsten fører dermed til at flokkens flyttar seg mindre. Det fører til eit behov for eit heilt, ubrote beiteområde med lang beitevarigheit.

Seinhaustes blir flokkane flytta frå sommarbeite til vinterbeite. Nokre få reinbeitedistrikt har sommarbeite på øyer. Då blir reinen vanlegvis ført med landgangspram frå øyene til fastlandet. Men framleis er det nokre få siidaer der reina må symje over sunda mellom øyene til fastlandet. Haustvêr, snø og sludd kan gjere haustflyttinga strabasiøs både for menneske og dyr.

I denne filmen frå NRK skule møter du den sør-samiske familien Nordfjell og Haugom på Røros som lever av reindrift, slik samane har gjort gjennom tusenvis av år, både i Noreg og elles i Norden:

CC BY-SASkrive av IMGEira. Rettshavar: IMGEira
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020

Læringsressursar

Reindrift i dei arktiske områda