Hopp til innhald

Spelefilm

Den store barnedåpen

Den store barnedåpen (1931) er eit realistisk drama og blir rekna som Noregs aller første film med lyd. Filmen bryt med det nasjonalromantiske innhaldet som stumfilmane laga på 1920-talet, er kjende for.

Handling

Harald og Alvilde bur i huset til ei dame som går under namnet Dobbelt-Petra, og det er her dei blir kjende med kvarandre. Harald er arbeidsledig, og Alvilde er gravid med ein såkalla "lausunge", som er ei nedlatande nemning på ungar fødde utanfor ekteskapet. Han som er far til Alvildes baby, har stukke av. Alvilde og Harald blir forelska, og etter kvart gifter dei seg. Etter fødselen vil Alvilde at babyen skal døypast saman med andre "lausungar".

Om filmen

Den store barnedåpen er regissør Tancred Ibsen sin spelefilmdebut. På rollelista er det fleire kjende teaterskodespelarar frå denne tida, slik som Einar Sissener (Harald) og Aase Bye (Alvilde). Filmen blir rekna som Noregs første lydfilm, og han blei laga i ein tidsperiode som ofte blir omtalt som gullalderen til norsk film.

Realisme

Det er ikkje berre på grunn av lyden at filmen har fått ein så sentral plass i norsk filmhistorie. Filmen var nyskapande i måten han skildra arbeidarklassen og storbyen på. Han markerer også eit brot med den nasjonalromantiske filmtradisjonen som dei norske stumfilmane frå 1920-talet var kjende for. Filmen er meir realistisk enn dei nasjonalromantiske filmane og fortel ei historie som folk kunne kjenne seg att i.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie