Hopp til innhald

Fagstoff

Tid for hausting – fasiten til bonden

Den som dyrkar jorda, må følge årstidene, og no er det tid for hausting. Haustinga gir fasiten.

– Då får eg svar på om arbeidet har vore godt nok, seier bonde Einar Kristen Aas på Skallerød gård på Jeløy i Moss kommune.

Aas er bonde på Skallerød gard, som ligg på Jeløy i Moss kommune. Etter at han tok over drifta på barndomsgarden i 1993, har han slutta med korn, redusert mengda potet og auka mengda grønsaker. Aas startar helst innhaustinga av grøn asparges allereie i april, eventuelt i mai. Sidan kjem brokkoli, tidlegpotet, isbergsalat, lauk og pyntekål, i tillegg til agurkar for sylting og diverse småproduksjon. Sjølv om innhaustinga av mange produkt er mekanisert og maskinell, må kvar isbergsalat og brokkoli framleis handterast med hendene. Arbeidarar frå Vietnam og Ukraina sjekkar kvaliteten, plukkar vekk stygge blad og pakkar i plast og øskjer.

– Det beste med innhaustinga er at du får fasiten. Det er då du hentar premien, seier Aas.

Lagring

Rett lagring av grønsaker er viktig for å ta vare på kvalitet, smak og næringsinnhald. Seniorforskar Gunnar Bengtsson ved Nofima AS har forska på dette og fortel:

– Dess lågare temperaturen var, dess saktare sokk nivået av vitamin. Lengre lagringstid førte òg til lågare vitamin C-nivå. Sju dagar lagring, som svarar til transport frå Spania, mot fire dagar lagring, som svarar til lokalproduksjon, gav lågare vitamininnhald. Kort lagringstid og låg temperatur er altså tilrådd.

Kor mykje lys det er i butikkhyllene, ser derimot ut til å ha lite å seie.

Brokkoli frå Noreg har meir vitamin C

Ein haug brokkolibukettar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskarar samanlikna òg innhaldet av vitamin og andre helserelatert stoff i brokkoli dyrka i Nord-Spania, Tyskland og Sør- og Nord-Noreg.

– Brokkoli dyrka her i nord, inneheld meir vitamin C og har ei betre fordeling av dei helsefremmande svovelstoffa glukosinolat. Brokkoli dyrka i Noreg er dessutan mindre bitter enn den som er dyrka i Spania, fortel han.

Sidan brokkolien greier seg best under litt kjøligare temperaturar, har Noreg faktisk eksportkvote til EU av brokkoli og blomkål om sommaren, når det ikkje er så enkelt å dyrke dei i Sør-Europa. Resten av året importerer Noreg derifrå.

Grønkål må takast inn før frostnettene

Forskar Sidsel F. Hagen har funne ut at det beste for grønkålen er å bli teken inn og lagd på kjølelager i staden for å stå ute i frostnetter, slik mange tidlegare trudde gjekk heilt fint.

– Nivået av vitamin C blir då teke betre vare på enn om grønkålen går gjennom fryseperiodar. Nivået av flavonoid blir òg betre teke vare på, seier Bengtsson.

Gulrøter må handterast varsamt

I 90-åra kom det mange klager på gulrot, kan forskaren fortelje.

– Ingen hadde kontroll på smaken på gulrot som vart seld i butikk. Somme sa at ein helte terpentin eller bensin på dei. Dei store kjedene visste ikkje korleis dei skulle handtere gulrøtene. Forskinga til Bengtsson og andre viste at røff handtering gav bitter smak.

– Matvarekjedene behandla gulrøtene som gråstein, kasta gulrotsekkane hit og dit. I dag smakar gulrot generelt mykje betre. Vi veit at vi må hauste og handtere dei varsamt, fortel han.

Forsking på kvalitet

Seniorforskar Gunnar Bengtson har leidd prosjektet "Nordlige grønnsaker" ved Nofima AS. I dette prosjektet undersøkte dei innverknaden av lys, temperatur og tid i samband med lagring av grønsaker.

Forskingsresultat gir oss kunnskap om korleis vi skal behandle produkta våre for å ta best mogleg vare på kvaliteten.

Hugselappen

Forsking viser:

  • Rett lagring er viktig.
  • Låg lagringstemperatur tek betre vare på vitamina.
  • Lang lagringstid reduserer vitamininnhaldet. Kortreist mat er sunnast.
  • Brokkoli frå nord inneheld mest vitamin C.
  • Grønkålen bør takast inn før frostnettene og leggast på kjølerom.
  • Gulrøter må handterast varsamt.
CC BY-SASkrive av Kjersti Blehr Lånkan. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 30.10.2017

Læringsressursar

Landbruket i Norge