Hopp til innhald

Fagstoff

Klassekamp og borgarleg motstand

Etter ein kort økonomisk oppgang fram mot 1920, vart resten av mellomkrigstida prega av økonomisk og politisk krise. Dette skapte store politiske motsetnader mellom den radikale arbeidarrørsla og ei nasjonalistisk borgarleg fløy.
Eit utandørsarrangement der ein stor folkemasse står tett i tett kring ein mannleg taler på eit lite podium. Fleirtalet i forsamlinga er menn. Alle, også kvinnene, ber hattar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange bønder på landsbygda «måtte gå frå gard og grunn», og byane var tidvis prega av store arbeidskonfliktar. Trua på det parlamentariske demokratiet i Noreg vart sett på alvorleg prøve i mellomkrigstida.

Revolusjonær retorikk

Arbeidarpartiet sine landsmøtevedtak i 1918 og 1920 hadde revolusjonær språkbruk, og DNA si innmelding i Komintern i 1920 viste at leiinga i Arbeidarpartiet ville at det norske samfunnet skulle formast om til eit sosialistisk samfunn. Stridane i arbeidarrørsla gjennom 20-talet gjaldt kva slags metodar som skulle brukast og korleis Arbeidarpartiet skulle stille seg til det parlamentariske styresettet i Noreg. Dette skapte motsetnader i arbeidarrørsla og splitta Arbeidarpartiet i Noregs Sosialdemokratiske parti i 1921 og Noregs Kommunistiske parti i 1923.

Modernisering av jordbruket og deflasjon

Etter ein kort økonomisk høgkonjunktur rett etter krigen, på grunn av auka etterspurnad etter varer, vart resten av 20-åra prega av ei vedvarande økonomisk nedgangstid.

Ein mann sit på ein slåmaskin som blir trekt av ein hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som følgje av den korte oppgangstida rett etter krigen, investerte mange bønder i nye reiskapar og landbruksmaskiner for å auke fortenesta. Denne moderniseringa av landbruket skulle vise seg å vere svært uheldig for mange bønder. Den påfølgjande tida vart den norske valutaen stadig devaluert.

Deflasjon betyr eit fall i prisane. I løpet av 13 år vart prisane reduserte med 67 %. Dette råka i sin tur andre næringar og bankvesenet. Kommunane og det offentlege vart også råka, gjennom tapte skatteinntekter som skulle finansiert offentlege tilbod. Dette gjorde låna for bøndene svært ugunstige, sidan prisane på landbruksprodukta stadig gjekk ned. Låna vart verande dei same, men bøndene fekk stadig større problem med å betale ned på dei. Resultatet vart ei rekkje tvangssal av bondeeigedomar. I mellomkrigstida skal i alt 50 000 gardar ha vore lagde ut for tvangssal.

Arbeidsløyse

Den økonomiske krisa gjekk i bølgjer, og for kvar krisebølgje gjekk etterspurnaden ned. Bedrifter måtte stengje eller innskrenke, og produksjonen gjekk ned. Krisa og produksjonsnedgangen råka industrien og arbeidarane. I ei tid utan arbeidsløysetrygd og klare rammer for lønnstingingar, vart tida prega av store motsetnader mellom bedriftseigarane og arbeidarklassen. Streik og lockout vart flittig tekne i bruk, og kampen mot streikebrytarar vart eit hovudfelt for den organiserte arbeidarrørsla.

Konflikten råka ikkje berre arbeidarane, men også familiane deira. Tapt inntekt gjorde at barnefamiliar svalt og leid naud. Som hovudforsørgjar utan inntekt søkte i tillegg mange arbeidslause til alkoholen, og slik sett vart den økonomiske krisa også eit større sosialt problem for dei arbeidslause og familiane deira.

Borgarleg front

Propagandaplakat frå den politiske organisasjonen Fedrelandslaget, med teksten: "Vis din farve. Stem Arbeidet opp og Arbeiderpartiet ned."
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei borgarlege partia sat med regjeringsmakta i store delar av mellomkrigstida. Mellom desse partia var det ei utbreidd oppfatning at marknaden regulerte seg sjølv, og dei valde derfor få statlege tiltak mot den økonomiske krisa. Gjennom mellomkrigstida meinte mange i den norske borgarskapen at Arbeidarpartiet var eit revolusjonært trugsmål. Dette førte også til organisering på høgresida, med Fedrelandslaget som den fremste agitatoren mot den «internasjonale kommunistiske fare». Sentralt i denne konflikten var korleis Arbeidarpartiet stilte seg til nasjonale spørsmål. Arbeidarpartiet sitt fokus på klassekampen framfor nasjonen styrkte desse motsetnadene. Lenge var nasjonale spørsmål for arbeidarrørsla synonymt med eit borgarleg forsvar av interessene til overklassen.

Hornsrud-regjeringa

Samarbeidet på borgarleg side var heller ikkje stabilt, der ulike næringsinteresser var den største hindringa for å skape stabile regjeringar. I 1928 oppstod det ei regjeringskrise, og for første gong i soga kom Arbeidarpartiet i regjeringsposisjon.

Den første regjeringa til Arbeidarpartiet kom ikkje til å sitje meir enn i 18 dagar, men kongen si praktisering av spelereglane i parlamentarismen også for sosialistane har i ettertid vore rekna som klok. Ved inngangen til 1930-talet var motsetnadene mellom borgarskapen og arbeidarrørsla framleis store. Endringar i Arbeidarpartiet sitt syn på nasjonen og det parlamentariske systemet skjedde først etter den store verdskrisa som oppstod i kjølvatnet av krakket på Wall Street-børsen i 1929.

Relatert innhald

Det var politisk strid før og under den første verdskrigen om arbeidarrørsla sine metodar for å skape eit sosialistisk samfunn.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid i Noreg