Hopp til innhald

Fagstoff

Tilvisingssystemet

Tilvisingssystemet er eit hjelpemiddel for å finne fram i tekniske teikningar på ein eintydig og systematisk måte.
Teknisk teikning, tilvising. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når det blir oppretta tekniske teikningar, blir innhaldet sett inn i ei teikningsramme. Dette gjeld for fagområde som mellom anna elektro, mekanisk, hydraulisk og bygg. Det er bedrifta eller teiknaren som bestemmer korleis denne teikningsramma skal sjå ut.

Fellesnemnaren er at teikningsramma har koordinatar som går rundt heile ramma. Desse består gjerne av tal i ei retning og bokstavar i den andre. Her er det ulik praksis for ulike bedrifter og fagdisiplinar.

Fordelen med dette er at når vi diskuterer ei teikning med nokon, eller når det skal meldast frå om feil på ein komponent, vil det vere eintydig kva komponent det gjeld. Vi tilviser då med nummer på teikning, komponent og koordinatar.

Døme på feilmelding på ein kontaktor

Ein ingeniør hos ein kunde fortel om feil på ein kontaktor og meiner at denne bør skiftast. Han bruker skjemateikninga til å vise til komponenten. I førespurnaden skriv han:

Teikningsnummer: 2017-100071-R2 (døme)
Komponent: -Q1
Koordinat: D2

Vi kan no sjå direkte på teikninga kva komponent han meiner. Dermed kan det sendast ut ein installatør for å rette feilen og ta med seg den aktuelle komponenten som skal skiftast ut.

Teknisk teikning, tilvising. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på tilvising for termisk vern

Ser vi på det termiske vernet nedanfor, er alle tilkoplingane på same plass. På teikninga ligg hovudkontaktane derimot på hovudstraumskjemaet side 1, medan hjelpekontaktane er på styrestraumskjemaet side 2.

Termisk vern. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Merker vi teikningane etter tilvisingssystemet, vil dette hjelpe oss med å finne fram på dei. Ser vi på ramma som er rundt sjølve teikninga, kan vi sjå at ho horisontalt er delt inn i tal (1, 2, 3, osb.) og vertikalt i bokstavar (A, B, C, osb.). Dette kallar vi for straumsone, som vist på teikninga nedanfor.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017

Læringsressursar

Dreieretningsvendar