Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein webdokumentar

Figur som viser multiliniær struktur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein webdokumentar?

Ein webdokumentar er ein dokumentarproduksjon som gjer bruk av webbasert multimedia. Resultatet er gjerne ein mulitilineær produksjon som kombinerer fotografi, tekst, lyd, video, animasjon og infografikk.

Ein webdokumentar kan vere oppbygd med ein klassisk forteljande (narrativ) dramaturgi med innleiing, utdjuping, konfliktopptrapping og sluttpoeng. Men du står fritt til å strukturere han slik du sjølv ønskjer. Uansett må du ta omsyn til at han skal kunne visast på web.

Arbeidsoppdrag

Du skal lage ein enkel webdokumentar over eit sjølvvalt emne.

  • Webdokumentaren bør innehalde tekst, stillbilete og lydfiler og/eller videofiler.
  • Dokumentaren skal ha ei oppstartsside og ein raud tråd, men du kan strukturere innhaldet slik du sjølv ønskjer det.
  • Brukarane skal kunne gå gjennom innhaldet i dokumentaren på 3–5 minutt.
  • Dokumentaren skal vere interaktiv, slik at brukaren sjølv kan velje å opne filene som du har lagt inn på nettsidene (lydfiler, videosnuttar, bilete).

Oppgåva krev at du har innsikt i korleis ein lagar nettsider og kan bruke verktøy for slik produksjon.

Relatert innhald

Ein multilineær hypertekst rommar fleire parallelle forteljingar som forgreinar seg i eit nettverk. Korleis bør ein strukturere ei slik forteljing?

CC BY-NC-SASkrive av Mediana.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2018

Læringsressursar

Produser medieforteljingar på nye måtar