Begrep

Spinat

Publisert: 21.09.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Norsk sesong

Juli–september

 

Med andre ord:

Latin: Spinacia oleracea
Engelsk: Spinach
Fransk: Èpinards
Tysk: Spinat

 

Lagring:

0–2 °C. Spinat må lagrast mørkt og kjølig, og må ikkje utsetjast for trekk eller etylen. Frisk spinat har ei haldbarheit på 2–5 dagar i kjøleskåpet.

Spinatblader. Foto.  

Spinat er ei bladgrønsak som opphavleg kjem frå Asia. Han har vore kjend og dyrka i Europa i om lag tusen år, og tilhøyrer same familie som raudbete og mangold. Spinat er ei eittårig bladgrønsak. Det er dei saftige, grøne blada som vert brukte før planta skyt blomsterstengel. Dei mørkegrøne og sprø blada vert selde anten lause eller i små knippe.

Spinat. Foto.Spinat dannar ikkje noko fast «hovud», men har mange grøne blad. 

Kremet spinat med rømme. FotoKrema spinat med rømme  

Spinat har ein behageleg smak som kjem av innhaldet av oksalsyre. Fordi han har heller kort haldbarheit, går det meste av produksjonen til næringsmiddelindustrien. Blada er 3–30 centimeter lange og 1–15 centimeter breie.

Sesong

Spinaten vert dyrka i drivhus, og i jorda utandørs når det er sommar. Han er derfor tilgjengeleg heile året.

Bruk

Spinat har eit breitt bruksområde. Spinat passar godt saman med ost, smør, fløyte og egg. Ein klassikar er krema spinat som passar ypparleg til fisk, særleg røykelaks. Passar òg særleg godt i gryteretter med frukt – mykje brukt i Midtaustens kjøkken – og i terter og paiar som vert laga i Frankrike, Italia og Hellas. Spinat eignar seg dessutan framifrå i suppe, sufflé og mos, er ideelt til linser, kikerter, bønner og poteter, i tillegg til wokretter, anten åleine eller saman med andre ingrediensar. Skylt, hakka spinat er òg nydeleg i grøn salat.

Næringsinnhald

Spinat er ei svært god kjelde til jern, kalium, C-vitamin og kalsium.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.