Hopp til innhald

Kortfilm

Ja, vi elsker

Kortfilmen Ja, vi elsker er regissert av Hallvar Witzø. Med nasjonalsangen som tittel er filmen eit skråblikk på Noreg og nordmenn.

Handling

I byrjinga av filmen er vi i Bergen. Ein ung gut nektar å høyre på buekorpset. Han blir sitjande aleine i bilen, mens resten av familien deltek i 17. mai-feiringa.

Deretter følgjer ei historie om ein eldre krigshelt som heiter Konrad. På den snedige måten sin nektar han å vere tilhøyrar til nok ein pompøs 17. mai-tale.

Så forflyttar vi oss til Leksvik, der ei russejente tek et spontant oppgjer med ein litt vel hissig fyr ho trudde var interessert i henne, før vi forflyttar oss til Svalbard – der ein naken mann stikk av garde på ein snøscooter.

Om filmen

Hallvar Witzø sine fire små forteljingar skildrar menneske som på ein eller annan måte er i krise eller oppbrot, og som nektar å bøye seg for tradisjonar og autoritetar. Dei korte forteljingane viser menneske som vel å gå sine eigne vegar. På denne måten skaper regissøren ein diskusjon om kva det vil seie å vere menneske i Noreg i dag.

Filmen har fått internasjonal anerkjenning. Han fekk blant anna prisen for beste kortfilm på San Joaquin International Film Festival i California.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.08.2020

Læringsressursar

Identitet