Hopp til innhald

Fagstoff

Rekkjeklemmer

Rekkjeklemmer er samankoplingsklemmer som fungerer som eit grensesnitt mellom det som er plassert inni eit skap, og det som er plassert utanfor. Alle kablar og leidningar blir festa i desse klemmene.
Kontrollskap med rekkjeklemmer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekkjeklemmer fungerer som koplingspunkt. Du koplar inn ein leidning på den eine sida og held fram med ein ny leidning/kabel på den andre. Dei kan lett koplast saman med laskar, slik at du enkelt kan fordele energi eller signal til fleire tilkoplingspunkt.

Rekkjeklemmer er ikkje nemnde spesifikt i tavlenorma (NEK EIN 60439-1), men denne krev generelt at utstyr i tavler skal forsynast med merking eller føremålstenleg identifikasjon dersom det er fare for forveksling.

Det er derfor vanleg å markere rekkjeklemmene i lister og å nummere kvar enkelt klemme. Då er det både enklare for montør å montere anlegg og – ikkje minst – enklare å gjere tilsyn og utføre vedlikehald seinare.

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik og Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2020

Læringsressursar

Elektriske og automatiserte system