Hopp til innhald

Fagstoff

Vendebrytar

Ein vendebrytar er ein brytar med to eller fleire posisjonar.
Vendebrytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein vendebrytar er gjerne ein vribrytar som blir brukt til å skru noko av og på. Som regel har han ein nullposisjon og ein eller fleire aktive posisjonar, til dømes for å stille inn farten på ein motor eller ei vifte. Han kan òg ha ein posisjon med fjørretur til nullposisjonen dersom det er aktuelt å aktivere funksjonen manuelt ei kort stund. Dessutan kan han brukast til å veksle mellom å styre noko manuelt eller automatisk.

Når det gjeld styring av motorar, blir vendebrytarar helst brukte til små tofasa motorar som har liten mekanisk motstand. Grunnen til dette er at vi kan påføre motoren skadar dersom vi raskt endrar retninga på han, og større motorar skal stoppast før retninga blir endra.

Slike vendebrytarar kan ikkje brukast som retningsvendar på motorar som driv store mekaniske anlegg. Då vil det bli for store påkjenningar for motoren og dei mekaniske delane. Vi nyttar heller kontaktorar og monterer ei forrigling på anlegget.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2018

Læringsressursar

Elektriske og automatiserte system