Begrep

Hare

Publisert: 09.09.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Sesong

Jaktsesongen for hare varer frå 10. september til 28. februar. I Troms og Finnmark kan ein jakta på hare til 15. mars.

 

Utbreiing

Haren er utbreidd i Eurasia, altså i Europa og Asia. Han er i stor grad tilpassa nordlege omgivnader og høgtliggjande strøk.

 

Med andre ord

Latin: Lepus timidus

Engelsk: Mountain hare

Fransk: Lepus timidus

Tysk: Scheenase

Hare. Foto.  

Haren lever som regel åleine. I nord kan det likevel samle seg flokkar av harar om vinteren, kanskje som vern mot rovdyr. Om eit rovdyr skulle koma, spreier harane seg for å forvirra fienden. Ein del harar som lever i område utan skog om sommaren, trekkjer gjerne til skogsområde om vinteren. Om dagen held haren seg oftast i ro i dagleiet, som berre er ei lita grop i bakken eller snøen. Haren er sjølv eit byttedyr for gaupe, ulv, rev og ørn.

Hare i hvit vinterdrakt. Foto.Hare i kvit vinterdrakt  

Haregryte med bokkøl. Foto.Haregryte med bokkøl 

I skogsområde et han blad, knoppar og bork av buskar, og ein del frø. Om sommaren et han ulike urter og gras. Haren er 50–75 cm lang, med ein 7–12 cm lang hale. Vekta er 2,5–5 kg. I paringstida er hannane aggressive og kjem ofte i «boksekampar» for å kjempa om hoa. Paringstida er om våren, og ungane vert fødde om lag 50 dagar etter. Harar som lever i snørike land, skiftar pels to gonger i året. På denne måten kan han kamuflera seg for rovdyr.

Bruk

Det er ikkje så mye kjøt på haren, men det som er der, er verdt ein smak! Haren har ein utsøkt mild aromatisk smak, og er mørk, møyr og fin i kjøtet. Haren vert brukt som haresteik, grillspyd, haregryte, bresert, steikt harebryst, stua og som ragu.

Næringsinnhald

Haren har eit magert kjøt. Han er ei god kjelde til protein, magnesium, kalium og fosfor. Han er òg ei god kjelde til jern.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.