Fagstoff

Mineral og sporstoff

Publisert: 23.06.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

  • Mineralstoffa kan ikkje bli til i kroppen og må tilføres via mat og drikke.
  • Mineralstoffa har ulike funksjonar i kroppen.

En mengde ulike råvarer av frukt, grønt, kjøtt, fisk, melk, egg og kornprodukter. Foto.  

 

Sjølv om dei ulike uorganiske minerala til saman berre utgjer ein liten del av kroppsvekta vår (om lag 4 %), er dei svært viktige. Minerala er nødvendige for mange prosessar i kroppen vår, men dei blir ikkje forbrende.

Melkeglass.Foto.Melk er ein god kjelde til kalsium.

 

Fisk. Foto.Fisk er ein god kjelde til jod. 

 

Oksekjøtt i skiver. Foto.Oksekjøtt er ein god kjelde til jern og sink. 

Nærbilde av kvinnehals med struma. Foto.Struma er ein mangelsjukdom ved for lite jod. 

 

Mineral

I motsetning til vitamina er fleire mineral viktige byggjesteinar i kroppen. Særleg skjelettet er avhengig av mineraltilførsel. Mineral er også viktig for at nervesystemet og musklane skal fungere normalt.

Vi deler minerala inn i to hovedgrupper:

  • Mineral – som vi treng relativt mykje av, og som fungerer som byggjesteinar i kroppen. Eksempel på slike mineral er kalsium og fosfor.
  • Sporstoff – som kroppen berre treng ørsmå mengder av. Sink, selen og krom er eksempel på sporstoff.

Sporstoff

Sporstoff er nemninga på meir enn 100 grunnstoff som til saman utgjer mindre enn ein titusendel av kroppsvekta. Fleire av sporstoffa er livsnødvendige, det vi seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død.

Sporstoffa blir òg delte inn i to grupper:

  • Dei livsnødvendige – som jern, sink og jod.
  • Dei giftige – som bly og kadmium.

Både dei giftige og dei nødvendige sporstoffa har ein tendens til å hope seg opp i feittet og beinstrukturen. Det er vanskeleg å studere effekten av mangel på eller tilskot av sporstoff, for alle stoffa fungerer saman med kvarandre, eller i konkurranse med kvarandre. Tilskot av eitt enkelt sporstoff vil derfor automatisk endre konsentrasjonen av fleire andre.