Begrep

Brokkoli

Publisert: 15.09.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Norsk sesong

Juni–oktober

 

Med andre ord:

Latin: Brassica oleracea
Engelsk: Broccoli
Tysk: Brokkoli
Fransk: Chou broccoli

 

Lagring:

0–2 °C. Vert brokkolien lagra i ideelt miljø, kan han halda i over to veke. Plastfilm rundt brokkolien vernar mot uttørking.

Brokkoli. Foto.   Brokkoli er ein nær slektning av blomkål og er ei vidareutvikling frå viltveksande kål, som har vore kjend i middelhavsområdet i hundrevis av år. Brokkoli består av fleire samansette stilkar som kvar har sine eigne blad og mørkegrøne blomsterknoppar. Han vert også kalla aspargeskål fordi den milde, gode smaken minner om asparges. Brokkoli vert dyrka i Noreg.

Pizza med brokkoli og rødløk. Foto. Vi kan bruka brokkoli på mange forskjellige måtar. Prøv han gjerne på pizza som her. 

Bruksområde

Brokkoli vert nytta som tilbehøyr til middagsretter. Han er god til både kjøt- og fiskerettar. Brokkoli kan også kuttast i små bukettar og nyttast til wok eller gratinert med ost og skinke. Den nedste delen av stilken kan med fordel skrellast og delast på langs for å letta koketida. Vi koker brokkoli i lettsalta vatn i 8–12 minutt. La vatnet renne av før servering.

Kvalitetskrav

Brokkoli skal vera fast i konsistensen og friskt grøn å sjå til. Han skal ha sprø, saftige stilkar og blad. Knoppane skal vera av jamn, grøn farge. Dei skal vera lukka og ikkje ha synlege gule blomstrar eller teikn på misfarging.

Næringsinnhald

Brokkoli er rik på jern, A-vitamin og nyttige antioksidantar.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.