Begrep

Bringebær

Publisert: 15.09.2015, Oppdatert: 30.06.2017

Hugselappen

Norsk sesong

Juli–september

Utbreiing

Veks vilt i Europa, Vest-Asia og Nord-Amerika

Med andre ord

Latin: Rubus idaeus

Engelsk: Raspberries

Tysk: Himbeeren

Fransk: Framboises

Lagring

0–1 °C. Bringebær har svært kort haldbarheit og vert fort blaute. Best oppbevaring er så nær 0 °C som mogleg.

Bringebær. Foto.

Bringebærplanta stammar frå Midt-Asia og kom til Norden i byrjinga av 1700-talet. I Noreg skil vi mellom villbringebær som veks i skogen, og hagebringebær. Villbringebær er mindre, men har ein sterkare aroma enn hagebringebær. I butikkane vert berre hagebringebær selde. Mest vanleg i Noreg er raude bringebær, men det finst også bringebær som er svarte, gule, oransje og kvite.

Bringebærtarteletter med sjokolade. Foto.Bringebærtartelettar med sjokolade 

Bringebær på busk. Foto.Det er vanlegast å nytta bæra på bringebærbusken, men innanfor urtemedisin vert også blada brukte til te mot diverse plager.

Bruksområde

Bringebær kan etast naturelle åleine eller saman med andre bær til is eller andre dessertar. Friske bringebær kan også nyttast som pynt på blautkaker eller saman med andre bær i pai. Dei er nydelege også som kompott, til fromasj, fyll i blautkaker eller rullekaker.

Kvalitetskrav

Bringebær skal vera tørre utanpå, men likevel saftige. Dei skal også vera heile og godt mogne. Fargen kan variere frå lysare raud til mørk raud avhengig av bærtype.

Næringsinnhald

Bringebær inneheld rikeleg med antioksidantar – m.a. vitamin C og E. Av mineral kan nemnast kalium, magnesium og kalsium. I tillegg inneheld bringebær ein del folat og jern. Det vert sagt at bringebær kan verka virushemmande.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.