Begrep

Kreps

Publisert: 07.09.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Sesong

Frå byrjinga av august og til april, men vanlegvis berre til oktober.

 

Utbreiing

På Sør-Austlandet, med nokre få bestandar på Vestlandet og i Trøndelag.

 

Med andre ord

Latin: Astacus astacus

Engelsk: Freshwater lobster

Tysk: Flusskrebse

Fransk: Èkrevisse

Ferskvannskreps. Foto.

Ferskvasskrepsen er ein etter måten liten kreps, som gjerne lever på lausbotn. Krepsen vert oftast fanga på kveldstid med lys, sidan han er mest aktiv om natta. Vi et han på same måte som vi et andre krepsdyr.

Krepsen har ti bein, og dei to fremste para er klør. Han har eit hardt ytre skal som vernar det indre skalet. Fargen på skalet er bygd opp av ulike fargepigment, og det er berre det raude pigmentet som toler høg temperatur. Det er årsaka til at kokt kreps vert så raud og delikat.

 

Kokt kreps. Foto.Krepsen er svart, men vert raud når vi kokar han.   To kreps slåss om åtet. Undervannsfoto.Krepsing går gjerne føre seg ved at vi legg ut ei åte og lyser på ho. Krepsen trekkjer då mot åta.  

Vi kan òg sjå skilnad på kjønna hos krepsen, då hoene er breiare rundt hofter og hale, medan hannane har eit breiare skulderparti. Er vi framleis usikre, kan vi sjå på buken til krepsen, der hannane har eit ekstra par bein som fungerer som paringsorgan.

Bruk

Ferskvasskreps vert gjerne servert kokt med aioli, majones og brød. Han er òg ypparleg delt i to på tvers til gratinering og steiking. Krepsehalane vert brukte i supper, gryter og som gratinerte. Skalet eignar seg perfekt til koking av kraft då det gir ein delikat og oransje/raud farge (til supper/sausar). Det er derfor lurt å spara på skalet. Vi kan også fryse det til seinare bruk.

Næringsinnhald

Krepsen inneheld mykje protein, og er ei god kjelde til magnesium, kalium og fosfor.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.