Begrep

Sild

Publisert: 02.09.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Storleik og sesong

Vintersild: 2–6 stk. per kg, januar–mars

Feitsild: 3–6 stk. per kg, juli–desember

Fjordsild: 3–20 stk. per kg, august–april

 

Utbreiing

Nord-Atlanteren og Østersjøen

 

Med andre ord

Latin: Clupea harengus

Engelsk: Herring

Fransk: Hareng

Tysk: Hering

Sild. Foto.  

Silda lever i store stimar og vandrar langs kysten og ute til havs ned mot 200 meters djupn. Ho kan verta opptil 20 år gammal og livnærer seg av små krepsdyr, fiskelarvar og plankton. I havområda våre finst det fleire bestandar av sild, men norsk vårgytande sild er definitivt den største. I tillegg er det andre sildebestandar, mellom anna ved Island, i Nordsjøen og i Skagerrak. Norsk vårgytande sild har overvintringsområdet sitt i Vestfjorden.

Røkt sild. Foto.Røykt sild  Spekesild. Foto.Spekesild  Sildesalater på glass. Foto.Sildesalatar på julebordet er vanleg. Få andre fiskeslag vert laga til på så mange ulike måtar som silda.  

Silda vert kjønnsmoden i tre–fire-årsalderen. I februar–mars startar vandringa mot felta utanfor Nordvestlandet, der størsteparten av gytinga skjer. Silda går vidare på næringsvandring vestover før ho trekkjer nordover og til sist austover utpå hausten. Larvane følgjer kyststraumen nordover, og oppvekstområdet for ungsilda ligg i Barentshavet

Bestand

Det var den norske vårgytande silda som la grunnlaget for det norske vintersildfisket, feitsildfisket og småsildfisket. Som følgje av stor teknologisk reiskapsutvikling i 1960-åra vart bestanden nesten utfiska tidleg i 1970-åra, og silda vart freda. Ved hjelp av strenge reguleringar gjennom vel tjue år er bestanden no bygd opp igjen og bidrar til store fiskeri.

Fangst og fangstreiskapar

Det norske fisket skjer hovudsakleg i perioden oktober–mars når silda har god kvalitet og er lett tilgjengeleg. Sildefisket i Nordsjøen og Skagerrak skjer hovudsakleg på sommaren og hausten, og dei viktigaste fiskereiskapane er ringnot, pelagisk trål og garn.

Bruk

Silda vert seld som ferske og frosne filetar eller heil fisk. Tillaga sild finst i svært mange variantar, for eksempel salta, varm- og kaldrøykt, salta og kryddersalta filet. Dessutan finst ulike typar marinert påleggssild, som sursild, tomatsild og rømmesild. Fersk sild eignar seg godt til panering og steiking – ho vert sprø og gyllen og taklar det meste av tilbehøyr.

Næringsinnhald

Sild er ei uvurderleg kjelde til vitamin A, D og B12. Feittinnhaldet varierer med årstidene, og fiskefeittet er rikt på omega-3-feittsyrer. Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald. Sjå også sjømatdata.