Hopp til innhald

Fagstoff

Taskekrabbe

Taskekrabba er den vanlegaste krabba i Noreg. Ho held til på havbotnen, frå grunne strandområde og ned til 300–400 meters djupn. I Noreg finst ho vanlegvis på djup ned til 50 meter og i område med mykje stein.
Ei taskekrabbe sit mellom nokre steinar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krabba livnærer seg av død fisk, musling og mark. For å knuse harde skal er krabba utrusta med ei form for tenner i magesekken. Vi veit ikkje kor gammal ei krabbe kan bli. Hoa har breiare haleklaff enn hannen, mens hannen har flatare ryggskjold og større klør.

Krabba gyter om hausten etter at ho er vorten kjønnsmoden, vanlegvis frå femårsalderen. Hoa ber egga med seg under halen gjennom vinteren til dei blir klekte på sommaren. Krabbelarvane driv omkring i havet dei første fire til seks vekene, før dei slår seg ned på botnen.

Fangst og fangstreiskapar

Krabbefangsten går i hovudsak føre seg på hausten sidan kvaliteten då er best. Krabba blir fanga med teiner eller garn og blir også teken som bifangst.

Bruk

Krabba blir seld levande, kokt, reinsa i skal, djupfryst eller hermetisk. Kokt krabbe blir nytta naturell, men ho kan òg lagast til i eigne retter eller som tilbehøyr til andre sjømatretter. Prøv ein rømmedressing med urter og chilipepar som variant til majonesen når du skal servere krabbe naturell.

Næringsinnhald

Krabbe er ei god kjelde til vitamin B12, selen og sink.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysingar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong:

haust og vinter

Utbreiing:

heile norskekysten opp til Troms

Storleik:

4–6 kg

maksimal skjoldbreidde på 30 cm

Med andre ord:

Latin: Cancer pagurus

Engelsk: brown crab

Fransk: tourteau

Tysk: Taschenkrebs, Kurzschwanz-Krebs

Begrenset brukSkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr