Begrep

Reker

Publisert: 26.08.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Sesong

Heile året

 

Utbreiing

I heile det nordlege Atlanterhavet

 

Storleik

10–12 cm

 

Med andre ord  

Latin: Pandalus borealis

Engelsk: Deepwater prawn

Fransk: Crevette nordique

Tysk: Tiefseegarnele

Reke. Foto.

Reker finst både i fjordane, på bankane og i nordområda. Den raude djupvassreka er den vanlegaste. Ho livnærer seg av mindre krepsdyr og makk. Djupvassreka liker seg best i kaldt vatn og kan enkelte år vera heilt forsvunnen frå rekefelta i sør, noko som oftast har samanheng med at temperaturen er vorten for høg.

bilde av ferske rekerVi kan eta ferske reker som dei er. Dette er sommarmat.  Rekesmørbrød. Foto.Rekesmørbrød med sitron og majones er ein klassikar.  

Reka begynner livet sitt som hann, og når ho er to–fire år, skifter ho kjønn til hoe. Dei parar seg om hausten, og horeka ber rogna under bakkroppen gjennom vinteren. På våren oppsøkjer rekene grunnare vatn der larvane vert klekte. Ein reknar med at ei reke kan verta seks år gammal.

Fangst og fangstreiskapar

Reketråling skjer i Skagerrak, langs kysten og i fjordane med mindre fartøy, medan fisket i Barentshavet og ved Svalbard og Grønland for det meste vert drive av store trålarar. Rekene vert behandla i forskjellig grad og vert leverte både ferske og frosne til landindustrien og til direkte eksport. I Skagerrak og til dels i Nordsjøen vert det tråla etter reker med mindre reketrålarar.

Ein er uroleg for overfangst av reker, og det vert innført strengare regulering av rekefisket.

Bruk

Reker vert selde kokte med skal, ferske eller frosne, reinska frosne, lettkonserverte i lake eller marinerte. Reker vert brukte naturelle eller i ulike kalde og varme retter. Ver forsiktig med å varma opp kokte reker – det må i tilfelle skje raskt.

Næringsinnhald

Reker er ei god kjelde til vitamin B12 og inneheld òg ein god del av dei feittløyselege vitamina A, E og D. Reker inneheld svært lite feitt.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald. Sjå også sjømatdata.

Reker
Opphavsmann: Terje Røssland
Leverandør: Høgskolen i Bergen