Rettleiing

Velkomen til NDLA design og handverk Vg1!

Publisert: 30.06.2015, Oppdatert: 05.09.2017

iPhonebilde av Andy Warhol kunstverk. Foto  

Sjå kor lett det er å ta i bruk NDLA design og handverk Vg1!

I NDLA design og handverk Vg1 kan du finne eit mangfald av læringsressursar til alle kompetansemåla for design og handverk Vg1. Fagstoffmenyen er bygd opp etter læreplanen. I tillegg er det laga ein eigen meny for yrkesfagleg fordjuping der det blir presentert 11 av fagområda på Vg 2. I temafanen finn du eigne menyar for vurdering, stilhistorie, ungdomsbedrift, yrkesportrett, historia om Marimekko og oppgåver.

Venstremeny design og håndverk. Foto Fagstoffmenyen

Fagstoffmenyen er bygd opp etter læreplanen og tek for seg begge hovudområda. Menyen kan følgjast kronologisk, og er ein sti gjennom heile læreplanen der sidene byggjer på dei førre sidene. I tillegg er det laga ein eigen meny for yrkesfagleg fordjuping der det blir presentert 11 av fagområda som kan veljast på Vg2. I fagstoffmenyen finn du også ei rettleiing som hjelper deg å lage ein årsplan i faget med framlegg om tidsbruk, kompetansemål og oppgåver knytt til dette. Her vil det kome meir etterkvart.

Om du har ein liten skjerm, vil menyen klappe saman og leggje seg øvst for å gje større plass til lærestoffet.

Relasjonar

Relasjoner i en node. Foto På kvar side finn du relasjonar/lenkjer til oppgåver, aktuelt stoff, simuleringar og anna innhald som er relevant for denne sida.

Dei same ressursane kan du finne igjen i temamenyane.

Temameny design og håndverk. Foto  Temamenyar for kvart hovudområde

Temafanen gjev direkte inngang til eigne spesialmenyar for kvart hovudområde. I temaet Stilhistorie finn du ein  meny med fagstoff om ulike stilperiodar.

Eksempel på temameny. foto I temamenyen med oppgåver finn du ulike typar oppgåver som du kan gje elevane dine. Dette er arbeidsoppdrag, tekstoppgåver, interaktive oppgåver og tverrfaglege oppgåver.

Dette gjev ei god tematisk oversikt over ressursane på design og handverk.

Når du vel å opne ei side i denne oversikta, vil alle tema legge seg i ein meny, slik at du framleis held på oversikta.

Temameny design og håndverk. foto  Andre temamenyar

Temaet Vurdering gjev oversikt over framlegg til vurderingskriterium til dei to hovudområda produksjon og kvalitet og dokumentasjon.

Søk på NDLA-sidene

Søk i læreplanen

Læreplan design og håndverk. Foto På sidene er det ei lenkje til læreplanen. Her kan du velje kompetansemål for å søkje på innhald. Då får du ei oversikt med mange typar ressursar, og du kan filtrere søket etter innhaldstypar. Alle læringsressursar er merkte med kompetansemål. Du kan også klikke på kompetansemålet på ei kva som helst slags side, for å få opp fleire ressursar som er knytte til same kompetansemål.

Ressurskart design og håndverk Ressurskart

Du kan også bruke ressurskartet på design og handverksidene til søk. Det gjev ei oversikt over innhaldstypane i faget. Til dømes er det 47 oppgåver. Når du klikkar på Oppgåver, blir dei sorterte i undergrupper som interaktivitetar, arbeidsoppdrag og interaktivt oppgåvesett.

Søkefelt

Elles kan du sjølvsagt søkje i søkefeltet på sida. Her er det også høve for å filtrere søket etter innhaldstype.

Menytilhøyrsle

Oversikt over andre noder tilknyttet denne noden. Foto For å få fram menytilhøyrsla i ein ressurs som du har søkt opp, må du velje ein av menyane under Inngår i. Då blir det føydd til fagtilhøyrsle og meny til slutt i url-en. Sida di blir markert i menyen, og sida får eit navigasjonsfelt.

Skjermdump fra utsnitt av skjermbilde med språkvalg. 

Vel språk, tilpass visning og lytt til tekst

På kvar side kan du velje om sidene skal visast på bokmål eller nynorsk. Alle sider vil opnast i det språket du har vald, heilt til du endrar valet.

Du finn og ein knapp for Lytt til tekst med syntetisk tale for opplesing. Her kan du også velje Enkel visning og utskrift av sida.

Kontekst

Kontekst viser kva for kompetansemål som er knytte til sida.
Her kan du trykke på eit kompetansemål for å få opp fleire ressursar som er knytte til dette kompetansemålet.
Inngår i viser fag- og menytilhøyrsle.

Verktøy

Verktøy har mange nyttige ressursar, og vi nemner somme av dei her:

  • PDF og ePub: last ned faget til din eigen PC. Det er spesielt nyttig til eksamen.
  • Samskrive: eit skriveverktøy på nettet der mange kan jobbe saman samtidig.
  • Delingsarena.
  • Tree of life: er eit interaktivt evolusjonstre med mykje informasjon, både om utviklinga av livet på jorda og om familiar og artar.
  • Rapportgenerator: god hjelp under føring av forsøksrapportar.

Kommenter innhaldet, og kontakt oss!

Bilde av kontakt-knappen. På alle sidene våre er det kommentarfelt og ei lenkje for Kontakt oss på sida. Vi er glade for å få både ris og ros. Det hjelper oss til å til å gjere læringsressursane best mogleg for brukarane.

Facebook-logo  Twitterlogo  Følg oss på Facebook og Twitter! Der kan du også kome med innspel og bli oppdatert på nyhende.

 

Lukke til med bruk av NDLA design og handverk Vg1!

Støpeleire