Hopp til innhald

Fagstoff

Kamskjel

Stort kamskjel er den største av dei norske kamskjelartane og blir gjerne berre kalla kamskjel. Det finst frå eit par meters djupn og ned til fleire hundre meter, men dei største førekomstane finn vi på 10–30 meters djupn.

Kamskjel lever ofte på sandbotn i små fordjupingar med det flate overskalet dekt av sand, men det finst òg på andre botntypar. Kamskjelet er tvikjønna. Gytinga skjer i sommarhalvåret, og larvane sym fritt i om lag ein månad før dei fester seg til eit fast underlag.

Yngelen sit fast til han slepper seg ned på botnen når han er ca. 10–15 mm stor. Det tek fire–fem år for skjela å nå ein salsstorleik på 10–12 cm.

I dag blir det forska på å utvikle kamskjeldyrking som næring. Kamskjel blir klekte kunstig i klekkjeri og dyrka vidare i kassesystem i sjøen før dei blir sette ut på havbotnen.

Fangst og fangstreiskap

I Noreg blir kamskjel stort sett hausta ved dykking. I andre land driv dei med skraping av kamskjel, noko som er mindre aktuelt i Noreg på grunn av ulendte botnforhold. Meir raffinerte metodar og meir raffinert utstyr for å plukke kamskjel frå botnen kan bli aktuelt.

Bruk

Kamskjel blir selde ferske, som frosne gratinerte eller som frosne musklar eller musklar i lake. Dei kan etast rå, lett dampa, steikte eller gratinerte, og dei blir gjerne serverte i det dekorative skalet sitt.

Reinsa lukkemuskel av kamskjel servert i skjel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Kamskjel er mager mat, men har likevel svært høgt innhald av omega-3-feittsyrer.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Eit kamskjel i vatnet. Det er litt ope, og det ligg på sandbotn. Det har hår eller piggar langs opninga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

Sesong:

Det er sesong for kamskjel heile året, men kamskjel har rogn berre delar av året, avhengig av landsdel.

Utbreiing i Noreg:

Finst i ytre strøk frå Oslofjorden til Vesterålen, med dei største førekomstane frå Vestlandet til Nordland.

Storleik:

Opptil 17 cm i diameter.

Med andre ord:

latin: Pecten maximus

engelsk: great scallop

fransk: coquille St Jacques

tysk: Kammmuschel

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 30.04.2020

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr