Hopp til innhald

Fagstoff

Kornartar

Visste du at bygg er blant dei eldste kulturplantene i verda, og at spelt har vore dyrka i Norden i meir enn 4500 år?

Havre

Havreaks i åker. Foto.

Avena sativa L.

Havre vart dyrka i Noreg allereie rundt 500 år f.Kr.

Havre trivst best i kjølig og fuktig klima, og det er derfor gode vilkår for å dyrke havre i Norden. Fram til 1950 var havre det vanlegaste kornslaget i Noreg, og det var eit viktig innslag i kosthaldet. I dag går over 90 prosent av norsk havre til dyrefôr. Under to prosent av norsk havre går til havregryn. Det er i dag aukande interesse for å bruke meir havre til mat. Som bygg inneheld havre fiberstoff som er viktige for helsa. Havre inneheld mest feitt av kornartane.

I havre er det ikkje gluten, og du må derfor blande havre med andre kornslag for å oppnå eit godt bakeresultat.

I 2022 vart det dyrka 291 000 tonn havre i Noreg.

Bygg

Byggaks i åker. Foto.

Hordeum vulgare

Bygg er blant dei eldste kulturplantene i verda og har vore dyrka i 10 000 år.

Bygg er det kornslaget som treng kortast vekstsesong for å bli modent. Det kan derfor dyrkast i høgareliggande strøk og langt mot nord. Mesteparten av bygget som blir dyrka i Noreg, blir brukt til dyrefôr. Det er aukande interesse for å bruke meir bygg til mat, fordi bygg inneheld viktige fiberstoff og er rikt på antioksidantar som er bra for helsa.

I 2022 vart det dyrka 591 000 tonn bygg i Noreg. Om lag 3000 tonn av bygget går årleg til matproduksjon.

Kveite

Kveiteaks med marihøne. Foto.

Triticum aestivum

Kveite er eit nesten like gammalt kornslag som bygg. I Noreg er det påvist at det vart dyrka kveite for vel 4000 år sidan. Kveite krev ein lengre vekstsesong enn bygg og blir stort sett dyrka på Austlandet og litt i Trøndelag.

Kveitemjøl har eineståande bakeeigenskapar. Det inneheld glutenprotein som gir deigen evne til å heve seg.

Norsk produksjon av matkveite har gått ned, og i 2022 vart det dyrka 384 000 tonn kveite i Norge.

Rug

Grøn rugåker. Foto.

Secale serale

Rug er ei yngre kulturplante med eit meir avgrensa dyrkingsområde enn dei andre kornslaga. Til Noreg kom rugen omkring år 500 e.Kr., men han vart ikkje særleg utbreidd før i vikingtida. I mellomalderen var rug det mest brukte kornslaget i landet vårt. Rug har vore lite dyrka etter krigen, og sjølv om arealet har teke seg noko opp, utgjer det berre vel to prosent av kornarealet.

Rug gir ein fyldig smak til brød. Det gjer dessutan brødet saftig og meir haldbart. Fordi proteinet i rug har dårleg bakeevne, blir brød baka med rugmjøl tunge og kompakte.

I 2022 vart det dyrka 59 000 tonn rug i Noreg.

Spelt

Speltaks i silhuett mot himmelen. Foto.

T. aestivum var. spelta

Spelt er nært i slekt med kveite og blir ofte kalla urkorn.

Spelt var tidlegare ein svært viktig kornsort, og det har vore dyrka i Norden i meir enn 4500 år. Spelten tapte etter kvart terreng til kveite, som normalt gir tre til fire gonger meir korn per dekar enn spelt.

Spelt kan erstatte kveite i alle slags bakverk og matrettar, men oppfører seg litt annleis. Det krev mellom anna mindre elting.

Spelt har ofte eit høgt proteininnhald (gluten), og det kan derfor ikkje etast av personar med cøliaki.

Mais

Maisplanter i blomstring. Foto.

Zea mays

Mais er eit eittårig kornslag som vanlegvis blir to–tre meter høgt. Til forskjell frå andre artar i grasfamilien set mais berre éin til to stenglar. Frøa blir danna i kolbane i hoblomsten som sit i bladhjørna. Mais har eit høgt innhald av karbohydrat, og etter hausting blir sukkeret i frøa omdanna til stivelse.

Det finst eit tusental av maissortar som blir dyrka under ulike vilkår og til ulike føremål.

På verdsbasis er mais det viktigaste kornslaget i hausta mengde, følgd av kveite og ris.

Ris

Riskorn i ein åker. Foto.

Oryza sativa

Ris er dyrka som kornart i Asia sidan 3000 år f.Kr. Namnet blir brukt om både kornet og planta.

Den viktigaste risarten er Oryza sativa, ei eittårig, meterhøg plante med relativt breie, litt kraftige blad. Ho har lang topp av samantrykte og einkorna småaks.

På verdsbasis blir ris rekna som eit av dei viktigaste kornslaga, etter mais og kveite. Ris er det einaste hovudnæringsmiddelet for nesten halvparten av befolkninga i verda, og i motsetnad til dei andre kornslaga er meir enn 95 prosent av risavlinga føde for menneske. På nokre asiatiske språk er ordet for "ris" og "mat" det same.

Kjelde

Statistisk sentralbyrå (2023, 21. februar). Korn og oljevekster, areal og avlinger. Henta 10. januar 2024 frå https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/jordbruk/statistikk/korn-og-oljevekster-areal-og-avlinger

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg .
Sist fagleg oppdatert 20.12.2023

Læringsressursar

Dyrking av korn