Hopp til innhald

Fagstoff

Rug

Rug er ei yngre kulturplante med eit mindre dyrkingsområde enn dei andre kornartane. Til Noreg kom rugen omkring år 500 e.Kr., men han vart ikkje særleg utbreidd før i vikingtida.
Rugåker. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

I mellomalderen var rug det mest nytta kornslaget i landet vårt. Rug har vore lite dyrka etter krigen, og sjølv om arealet har teke seg noko opp, utgjer det berre vel to prosent av kornarealet.

I 2007 vart det dyrka 38 000 tonn rug i Noreg. Drygt 50 prosent av dette vart nytta til mat.

Bruk

Rug gir ein fyldig smak til brød. Brødet vert dessutan saftig og held mykje lenger med rug. Fordi rug ikkje har protein som kan danne gluten, har det dårleg bakeevne. Brød som er baka med rugmjøl, vert derfor tunge og kompakte. Men rug inneheld mykje fiber som held på vatn, og dette gjer det mogleg å bake brød som er baserte berre på rug. Surdeig gir rugbrød ein lettare og luftigare konsistens fordi surdeigen hindrar at all stivelsen vert omdanna til næring for gjæring.

Rugbrød. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rugmjøl

Av rugmjøltypar finn du

  • sikta rugmjøl
  • sammalen rug grov
  • sammalen rug fin

Næringsinnhald

Rug har mykje av det same innhaldet som kveite, med vel 80 prosent karbohydrat, ca. tolv prosent protein, knapt to prosent feitt og to–tre prosent fiber.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Kornet vert hausta når det er moge, vert lagra og er å få kjøpt heile året.

Utbreiing

Rug vert i hovudsak dyrka på Austlandet.

Med andre ord:

Latin: Secale serale
Engelsk: Rye
Tysk: Roggen
Fransk: Le seigle

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for brød og korn
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020

Læringsressursar

Kornslaga