Hopp til innhald

Fagstoff

Spelt

Spelt er ein kornart som er nært i slekt med kveite. Han vert ofte kalla urkornet. Spelt var tidlegare ein svært viktig kornsort, og har vore dyrka i Norden i meir enn 4500 år. Spelt finst som sikta spelt og sammalen spelt. Spelt kan erstatta kveite i alle slags bakverk og matretter.
Eng med spelt. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk

Spelt kan erstatta kveite i alle slags bakverk og matretter, men ter seg noko annleis og toler mellom anna mindre elting.

Spetbrød, aks og brødpose. Foto.

Marknaden tilbyr ei rekkje ulike speltråvarer og produkt. Nokre er kryssa med vanleg kveite. Andre er reine speltsortar. På den norske marknaden finst både norskdyrka og importert spelt. Den norskdyrka spelten er for det aller meste av dei opphavlege speltsortane oberkulmer rotkorn og ebner. Importert spelt er oberkulmer rotkorn i tillegg til frankenkorn, som er kveitekryssa spelt.

Speltmjøl

Spelt finst som sikta spelt og sammale spelt. Spelt kan erstatta kveite i alle slags bakverk og matretter. Spelt ter seg noko annleis fordi denne kornsorten har svakare gluten enn kveite, og han toler mellom anna mindre elting.

Gryn av spelt. Foto.

Næringsinnhald

Spelt skal etter seiande ha fleire positive helseeigenskapar, men det er relativt lite som er vitskapleg dokumentert. Spelt har truleg noko høgare innhald av vitamin og mineral. Spelt har ofte eit høgt proteininnhald (gluten). Personar cøliaki kan derfor ikkje eta spelt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Spelt vert hausta når han er mogen, vert lagra og er å få kjøpt heile året.

Utbreiing

Spelt er ei nøysam plante som kan dyrkast i nordlege strøk. Mykje spelt vert dyrka økologisk.

Med andre ord:

Latin: Triticum spelta
Engelsk: Spelt
Tysk: Dinkel
Fransk: Épeautre

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for brød og korn
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020

Læringsressursar

Kornslaga