Fagstoff

Virusroller – helse og medisin

Publisert: 28.05.2015, Oppdatert: 02.08.2017
Bakteriofager forlater vertscellen

Virus blir oftast sett i samband med sjukdom og elende, men virus har mange andre roller som er mindre kjende. Vi har virus i tarmane våre som hjelper oss til å halde oss friske. Bakteriofagar kan bli den nye medisinen som hjelper oss i kampen mot dei multiresistente bakteriane. Dei kan brukast til målretta åtak mot sjukdomsbakteriar, slik at vi treng mindre antibiotika.

antibiotikaresistent

Skjematisk oversikt over virussykdomer med piler på en kropp.Virusinfeksjonar hos mennesket. 

Bakteriofagar er virus som berre går til åtak på bakteriar.

Bakteriofagar kan drepe sjukdomsframkallande bakteriar i tarmen. 

Elektronmikroskopbilde av virus som angriper bakterie.Bakteriofagar går til åtak på bakterie (elektronmikroskopbilete). 

Ung damen med kviser i ansiktet. Bilde.Bakteriofagar kan bli den nye medisinen mot kviser og akne.

Virus og helse

Virus er bere aktive når dei kjem inn i levande celler. Dei utnyttar dei kapra cellene til å formeire seg og er årsak til sjukdommar som forkjøling, influensa, herpes, koppar, rabies, ebola og AIDS hos menneske. Les meir om virussjukdommar og immunforsvar i temaet Fysiologien til mennesket – Kroppen sitt forsvar mot sjukdommar.

Du veit antakeleg at det finst vaksinar mot virus, og at antibiotika ikkje hjelper mot ein virusinfeksjon, men visste du at virus kan verne oss mot sjukdom?

Bilde av tarmer hos mennesket. Vi har virus (bakteriofagar) i fordøyingssystemet vårt som går til åtak på sjukdomsframkallande bakteriar, og på den måten hjelper oss med å halde oss friske.

 

Virus i kamp mot multiresistente bakteriar

Bakterieinfeksjonar kan ein vanlegvis lækje med antibiotika, men det finst etter kvart mange multiresistenteBetent finger – antibiotikaresistente stafylokokkar. Antibiotika – seleksjon Ved omfattande bruk av antibiotikum i eit miljø, vil dei bakteriane som har resistens mot denne medisinen, få store fordelar medan andre døyr. Spreiinga av resistensgenet kan auke. Ein eigenskap som tidlegare var sjeldan hos bakteriar, kan bli vanleg og skape helsemessige problem fordi det er vanskeleg å finne medisinar som verkar.  bakteriestammer, særleg i miljø der det blir brukt mykje antibiotika. På sjukehus finn ein ofte resistente bakteriar av Pseudomonas-slekta. Dei greier å pumpe ut antibiotika som hamnar innanfor cellemembranen, men bakteriofagar lagar hol i bakterien sin cellemembran. Dermed blir mekanismen som pumpar ut antibiotika øydelagd, og medisinen får full effekt.

Bakteriofagar som målretta medisin

Bakteriofag tegnet som en sprøyte. Tegning.  Forskarar har kartlagt arvestoffet til 500 nye tarmbakteriar og over 800 bakteriofagar som til no har vore ukjende. Dei har òg greidd å finne ut kva for bakteriofagar som går til åtak på kva for bakteriar. Dette kan bli antibiotikaen vår i framtida.
Ved å bruke bakteriofagar målretta mot éin type bakterie, kan ein bevare nyttige bakteriar som elles ville blitt drepne av antibiotika. Det er mykje sunnare for tarmfloraen og dermed for kroppen1 .

Ved å nytte bakteriofagar som «medisin» mot bakteriar, kan ein redusere bruken av antibiotika.2

Virus mot kviser

Enkelte bakteriofagar som lever på huda, kan bli brukte i behandling mot kviser. Forskarar ved universitet i Los Angeles og i Pittsburgh har avdekt 11 typar bakteriofagar som går på kvise-bakteriar og drep dei.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Til fordjuping

Relatert innhald